torsdag 30. mai 2013

Ein 4-åring som kan (nesten) alt!

I går fylte vår beste Lise fire år!


Dagen starta med å opne presangen frå Jens og Signe, som inneheldt lego, og etterpå denne pakken i stova:


Dermed var mykje av løpet for dagen lagt... Den kunne nemleg brukast både inne:


... og ute!


Viss de har lagt merke til eit lite lyn suse rundt på parkeringsplassen på Stølane dei siste to dagane, er det herved avslørt kva de har sett!

Og når vi ikkje syklar eller har besøk, er det greit å bygge litt lego!


Det kom gåver frå besteforeldre og tanter og onklar og fadrar, så "gåvebordet" ser veldig fint ut!


Ho har endå ikkje banka sund klokka ho fekk, og det ser vi som eit godt teikn på at ho er blitt eldre (...) Og i går kveld måtte vi ta kveldsstellet med lyset av på badet. Lyskjelda vår var den nye tigerlommelykta! Litt utfordrande var det, men det gjekk.

Til slutt ein fin liten dialog frå kveldsstellet i kveld:

Lise: Eg kan så masse eg!
Mamma: Ja, du kan kjempemasse!
L: - Men ikkje ALT.
M: Nei, ingen kan jo ALT. Det er berre EIN som kan det - kim då?
L: Politien!
M: Politiar e veldig gode te polititing, men dei kan ikkje alle andre ting. Ingen menneske kan og veit alt! Men kim e da som gjer da?
L: FLODHESTEN!


Det er godt ho skal begynne i onsdagsklubben (på skikkeleg) til hausten...

Ingen kommentarer: