lørdag 29. juni 2013

10 år!

Det er heilt utruleg som tida går! Det vart i alle fall tydeleg i går då vi kunne plassere tre stk. gullklumpar i baksetet på bilen, og køyre av garde for å å feire ti års bryllaupsdag.


No er det ikkje slik at vi menneske er like, og vi plar som regel løyse ting på ulik måte. Vår tiårsdag tilbrakte vi på ingen ringare stad enn Leo's leikeland på Raglamyr, etter å ha ordna ein del nødvendig campingutstyr til seinare utflukter i sommar. Her kosa borna seg i over to timar, og når dei har det bra, så har som regel vi det bra også. Legg merke til denne artige "vrien" på reklameskiltet i vindauget til leikelandet. Denne likte Nina godt!


Herleg med eit gigantisk lokale som er innreia kun for leik og moro. Til og med møblane i eteavdelinga innbaud til utradisjonell og kanskje dårleg bordskikk...


Jubilantane sjølve. (Hårtustane til matglad nullåring kan skimtast nede i venstre hjørne...)


Til samanlikning såg vi slik ut for ganske nøyaktig 10 år sidan:


(Dette bildet er det Alvhild Halleraker som har teke). Vi har mista ein del hår sidan den tid, om enn på ulik måte...

Det viktigaste i eit leikeland er sjølvsagt ... leikane! Her er Lise, Jens og mamma på veg opp til den store hoppesklia:


Ein annan populær aktivitet var ei ganske høg sklie som gjekk inne i eit rør. For å komme seg fram til røret, måtte dei gå over eit rom der det var strekt ut elastiske band på kryss og tvers og i fleire etasjar. Dei gjekk sjølvsagt langs kanten, men det var ikkje så lett. Her har Lise mista taket og kjem seg ingen veg. Pappa må klatre opp for å hjelpe, og eg kan love at det ikkje var lett å komme seg opp!


Lise kom seg laus, og kunne fortsette rundt. Like før ho kom over, mista ho midlertid taket igjen, og datt ned alle fem etasjane... Det gjekk hulter til bulter, og mamma og pappa såg med hjartet i halsen. Etter litt grining og trøyst, ville ho opp igjen... Og då gjekk det bra. Ho er ein aldri så liten tøffing!

På veg heim att, trøytte, men i godt humør:


Det siste bildet er ikkje frå i går, og det passar ikkje inn i dette innlegget i det heile, men det var så koseleg at eg gjerne vil vise det likevel. Nabo Johannes og Lise på spasertur!


søndag 23. juni 2013

St.Hans-feiring på Vik

I år feira vi St.Hans på Vik. Tradisjonen tru var menyen grilla laks med tilbehør, og arrangørane hadde teke alle vérforbehold. Ikkje så unaturleg, med det varierte véret vi har hatt i dag.


Jens heiv seg ut i ein krabbefangekonkurranse saman med Maria. Dei fanga på langt nær så mange som dei som vann, men dei hadde det artig undervegs likevel!


Og nokon krabber vart det no:


Tidlegare i dag var Jens på besøk hos Børe, der dei blant anna laga kvar sin båt som dei mala blå. Då dei skulle prøvekøyre båtane, sklei Jens og datt i vatnet... Dermed var det ein søkkvåt og litt oppkava Jens som kom heim for å skifte klede, før dei gjekk ut att til Børe. Samtidig hadde Lise besøk av Malin, og dei to kosa seg blant anna med mykje sykling ute på plassen. Det er kjekt både å gå på besøk og å få besøk!

Jens hadde båten med seg til Vik og leika med den i strandkanten:


Dessverre var han litt uheldig og dytta den for langt ut, og dermed duppa den roleg utover fjorden. Heldigvis hadde Vilhelm båt rett i nærleiken, så han og Eskil trådde til og berga båten. Det var ein svært letta Jens som kunne ta imot den vilfarne båten på kaia!


Årets bål:


Medan vi venta på at dei skal tenne på, var det blant anna ringleikar framfor amfiet. Jens nøydde seg med å sjå på...


Så endeleg kunne vi sjå flammane bre om seg i bålet, og st.hans-aftan var komplett:



Bålet må ha vore godt bygd, for det falt aldri saman. Det berre brann sakte ned mot grunnen.


Det var ein god del folk på Vik i kveld:


Her ser vi regnet kjem sigande inn fjorden. Då dei første dråpane kom, gjekk Jens og eg i bilen. Like etter er det som vatnet vert tømt over staden. Eit naturleg punktum for kvelden, kan vi seie...


lørdag 22. juni 2013

Første sommarferiedag, den beste dagen i året!

Eg syns ikkje dette er så veldig lenge sidan:


Men alt tyder på at tida går, haust har blitt vinter, vinter blitt vår og våren har no blitt sommar. Den vesle førsteklassingen vår, som no snart er 2. klassing, har jobba seg gjennom rundt 150 skuledagar og har no parkert ranselen for sommaren. Det er lite som tyder på at han har fått avsmak på skulen i løpet av året. Her er han på veg til skulen fredag:


(eller er det det at det er siste skuledag før ferien?... Truleg ein kombinasjon.)

Den første feriedagen har vore ganske variert, med både sykling, fisking, sløying, dyrefilm og laurdagshandel m/innlagt snop. Her sit/ligg våre tre håpefulle på golvet, med leikar rundt seg på alle kantar:


Vi fekk visst tida til å gå ein regnvérslaurdag også!

onsdag 19. juni 2013

Matauk

I kveld var Jens, Lise og eg på kaia i Bog og fiska litt. Jens øvde mest på å kaste, og klarte etterkvart å få sluken temmeleg langt ut. Dessverre fekk han ikkje fisk i dag, men med denne progresjonen går det nok ikkje så lenge til han startar å håve inn!


Lise har ikkje fiskestang endå, og ville nok heller ikkje klart å handtere ei endå (sjølv om ho har veldig lyst...) Ho hadde i staden med seg ei klesklype til å fange krabber med, og koste seg ei stund med det.


... før ho vart lei og heller ville sjå på når vi fiska.


Resultatet var ganske oppløftande:


Åtte makrellar vil bli ein god fiskemiddag i morgon!


I går var det forresten sommarfest på skulen. 1. og 2. klasse opptrådte med song og engelske dikt, og Lise fulgte godt med. Etter kvart hamna ho på fanget til Elisabeth, og koste seg så mykje at ho nesten sovna...


Musikkskuleelevane hadde konsert:


Og tippeløypa var populær. Jens og eg tok oss ein runde, der enkelte var ivrigare etter å komme raskt til neste post enn andre...


søndag 16. juni 2013

Kattungar og slengtau

Denne dagen har hovudsakleg blitt brukt til grilling i Kilane. Bibelgruppeavslutning er gode greier (særleg når ein veit at det ikkje er avslutning, berre ein pause til over sommaren...) Uteområdet i Kilane inspirerar til kreativ leiking, og eit mangfald av måtar å utfalde seg på. For eksempel var det første Lise gjorde då vi kom dit, nest etter å ha reila litt:


Legg merke til den grøne plastgaffelen ho held i høgre handa. Den har ho på dette tidspunktet vakta over i sikkert ein time, for den skulle ho ha og ikkje tale om at den skulle fraktast til grillinga saman med det andre bestikket vårt...

Så arrangerte Sigurd springekonkurranse, og Jens heiv seg med:


Ord for dagen. Er det bibelgruppe, så er det bibelgruppe!


Plutseleg var Lise vekke for oss, og eg leita over området etter henne. Eg fanne henne inne i gongen...


... og det er ikkje så rart, med så fine dyr å sjå på. For ein ekte dyreelskar var dette fantastisk!


Bak huset heng eit slengtau. Borna fann sjølve ut ein måte å få god fart på, så der var det mykje action i lang tid! Dessverre også eit par-tre brannsår, men det er vel det ein kallar medaljens bakside...


søndag 9. juni 2013

Sommarleir på Solgry!

Jens, Lise og eg er nett attkomne etter ei super leirhelg på Solgry. Nina og Signe køyrde oss heilt til døra, sette oss av og køyrde vidare til Bømlo. I dag kom dei att og henta oss, og vi kunne køyre heim med to slitne og fornøgde leirungar.

Her er nokre highlights frå helga.

Lise der ho oftast var å sjå; på ein sykkel...


Knallklare for kveldsmat. På leir kjem vi til duk og dekka bord kvart einaste måltid, og når maten var så god som den var, er det dobbel grunn til ikkje å klage.


Jens har vore på Solgry før, så då vi vakna litt tidleg laurdag morgon, tok han på seg rolla som guide for Lise rundt om på huset. Dei fleste fellesrom vart vist fram og presentert, og flagga vart sjølvsagt inspisert:


Før dei gjekk ut og... sykla!


Aktivitetsøktene laurdag og søndag bestod for Jens og Lise hovudsakleg av to ting: sykling på go-cartbana og padle i kano:




Det var stort sett godt vér heile helga (litt kaldt på laurdag, då), og borna kunne gå ut og inn utan så mykje styr. Då er det temmeleg mykje å finne på. Fotball, både inne og ute, sklie, sandkasse, trampoline, mini-golf, freesbee, reiling og basketball, for å nemne noko.


Eller ein kan gjere som Lise, slå seg ned i leikekassa inne (av og til bokstavleg tala...)


Denne dinosauren og den raude bilen fall så godt i smak, at dei også hamna på rommet vårt for ei stund på laurdag. Ho var litt lei seg då ho måtte bere dei tilbake på fellesrommet...

Ingen leir utan leirkveld. Her er det tre vaksne og to born som deltek i "kle-på-leiken":


Fredag kveld hadde dei noko problem med å roe seg ned. Antakeleg var det ganske mange inntrykk som skulle fordøyast og høgt spenningsnivå i kroppen generelt... Laurdag kveld derimot, brukte dei frå eitt (Lise) til om lag fem minutt (Jens) å sovne. Dermed kunne eg delta på samling for dei vaksne i peisestova, noko som for min del kanskje var høgdepunktet på leiren. 

Søndag. Endå meir sjøliv, og denne gongen spelar også temperaturen på lag!


Og ikkje minst: Den store godteskattejakta! Leirsjefen hadde kledd seg ut som sjørøvar, og leidde borna gjennom ei skattejakt med mykje lyd og stor intensitet. Moro for både vaksne og borna!


Her ser det ut som dei har fått teften av skatten (Ja, der var eit digert kryss i sanden...)


Til slutt vil eg vise ein sau som Lise laga i løpet av aktivitetstida i dag. Er den ikkje fin?