lørdag 29. juni 2013

10 år!

Det er heilt utruleg som tida går! Det vart i alle fall tydeleg i går då vi kunne plassere tre stk. gullklumpar i baksetet på bilen, og køyre av garde for å å feire ti års bryllaupsdag.


No er det ikkje slik at vi menneske er like, og vi plar som regel løyse ting på ulik måte. Vår tiårsdag tilbrakte vi på ingen ringare stad enn Leo's leikeland på Raglamyr, etter å ha ordna ein del nødvendig campingutstyr til seinare utflukter i sommar. Her kosa borna seg i over to timar, og når dei har det bra, så har som regel vi det bra også. Legg merke til denne artige "vrien" på reklameskiltet i vindauget til leikelandet. Denne likte Nina godt!


Herleg med eit gigantisk lokale som er innreia kun for leik og moro. Til og med møblane i eteavdelinga innbaud til utradisjonell og kanskje dårleg bordskikk...


Jubilantane sjølve. (Hårtustane til matglad nullåring kan skimtast nede i venstre hjørne...)


Til samanlikning såg vi slik ut for ganske nøyaktig 10 år sidan:


(Dette bildet er det Alvhild Halleraker som har teke). Vi har mista ein del hår sidan den tid, om enn på ulik måte...

Det viktigaste i eit leikeland er sjølvsagt ... leikane! Her er Lise, Jens og mamma på veg opp til den store hoppesklia:


Ein annan populær aktivitet var ei ganske høg sklie som gjekk inne i eit rør. For å komme seg fram til røret, måtte dei gå over eit rom der det var strekt ut elastiske band på kryss og tvers og i fleire etasjar. Dei gjekk sjølvsagt langs kanten, men det var ikkje så lett. Her har Lise mista taket og kjem seg ingen veg. Pappa må klatre opp for å hjelpe, og eg kan love at det ikkje var lett å komme seg opp!


Lise kom seg laus, og kunne fortsette rundt. Like før ho kom over, mista ho midlertid taket igjen, og datt ned alle fem etasjane... Det gjekk hulter til bulter, og mamma og pappa såg med hjartet i halsen. Etter litt grining og trøyst, ville ho opp igjen... Og då gjekk det bra. Ho er ein aldri så liten tøffing!

På veg heim att, trøytte, men i godt humør:


Det siste bildet er ikkje frå i går, og det passar ikkje inn i dette innlegget i det heile, men det var så koseleg at eg gjerne vil vise det likevel. Nabo Johannes og Lise på spasertur!


Ingen kommentarer: