lørdag 1. juni 2013

Selskap - o joy!

Å glede seg til noko - så mykje at ein nesten ikkje klarar stå stille.

Å glede seg - så mykje at tida verkar å ha stoppa.

Å glede seg - og så er dagen der!

I dag har Lise - endeleg! - vore i sitt første barneselskap! (Då reknar eg ikkje med Jens sine selskap, der ho naturlegvis har vore observatør eit par-tre gongar...) Og ikkje berre har ho vore i selskap, ho har til og med feira på heimebane. Åtte jamnaldringar var inviterte, og dagen var ganske lang fram til klokka eitt og selskapsstart...

Då var det greit å kunne bruke tida til nyttige ting, så ho og Jens var mykje med førebuingane. Særleg må eg nemne fruktspyda. Der laga Nina ein mal, og så tok Jens over, med Lise som meir eller mindre tilstadeværande sidekick...


Jobben vart gjort uthaldande og presist: Nesten alle tjue fruktspyda vart identiske!

Då vi planla selskapet tidlegare i veka, og vart einige om kva mat vi skulle ha, spurte vi Lise om ho hadde lyst på fruktspyd. Ho var begeistra for dei fleste forslaga våre, og også dette slo an. Etter ei stund med litt meir snakk om korleis vi ville ha fruktspyda, der Lise lytta stadig meir tenksamt, kom plutseleg spørsmålet: "Men... e det spy vi kan ete?"


Slik såg fruktpiggsvinet ut, ferdig dandert med fruktspy og det heile...:


Hovudmenyen var pølse m/brød, og desserten bestod først og fremst av gelé. Nede i geléen la vi eit krokodillesnop, og oppå pynta vi med smarties og (rett før servering,) seigmenn:


Selskapet gjekk sin gong, med pakkeleik, eting og bittelitt inneleik. Desse ni borna er dei som skal gå saman i klasse, og det er kjekt å sjå samspelet dei imellom. Det er ein flott gjeng!

Det var ikkje fullt så fint vér i dag som det har vore dei siste vekene, men sidan det var opphald og dei fleste hadde med syklar, var det naturleg å vere ein god del ute.


Etter selskapet fann Jens og Lise roen på golvet med dei nye leikane ho fekk i gåve.


Mange fine og kjekke ting!


Jens besøkte Børe i ettermiddag, og gjekk vegen via Habn til og frå. På veg tilbake såg han ei sleve/stålorm på grusvegen opp frå Habn. Han kom heseblesande inn dørene, og fekk med seg Lise og pappa for å sjå på øgla. Det har regna mykje det siste døgnet, og vegkantane er fulle av svartsniglar. Mange gode måltid for stålormen, altså! Dessverre var den vekke då vi kom ned att. I staden kikka vi på alle svartsniglane på veg opp att... Ikkje like spennande, men fascinasjonen er likevel stor!


Sidan det har vore berre 13-14 grader i dag, er det greit å dykke i arkivet og finne bevis på at joda, det er sommar. Her er eit bilde frå i går ettermiddag!


Ingen kommentarer: