onsdag 5. juni 2013

Karusell!

Springekarusellsesongen er godt i gang, og i ettermiddag sprang vi årets andre løp.


Lise er klar som eitt egg til ein runde rundt grusbana!

Eg trur det må ha vore rekordmange deltakarar i dag. Dette er klassen for dei under skulealder:


Mot mål, sliten og mør i beina:


Så var det Jens sin tur. 1. og 2. klasse spring ei noko lenger løype, ut mot vegen og gjennom skogen tilbake til bana:


Nytt av året er sykkelløpa etter at alle klassane har sprunge. Dermed kunne Lise stille opp til løp nummer to denne kvelden:


God driv over grusen:


Og rundt svingen:


Beina er allereie slitne etter springinga, men ho kjem seg heilt rundt og i mål likevel.


I heat nummer tre var det 1. klasse sin tur. Rundt bana, slalåm mellom ein del kjegler og heilt til slutt over eit vippebrett og i mål. Utruleg kjekt at det også er sykkelløp i år!


Ingen kommentarer: