torsdag 11. juli 2013

Ferie i eige heimland

Starten på ferien i år har vore ganske stadfast, med eitt heiderleg unntak: Tur til Bømlo førre veke. Der var det fint vér og gode forhold for leik i hagen:


... tur langs vegen:


... og andre forefallande aktivitetar...


Her heime går vi også tur.


Eit par dagar har det vore badevér, og vi har testa temperaturen på vatnet i Habn.



Det var ikkje så verst!

Likevel vart fokuset snart drege over på andre ting enn bading. Både Jens og Lise traff på leikekameratar, og snart var det krabbejakt og slikt som var det store.


I dag hadde Jens, Lise og eg utflukt til Sand. Der var vi på biblioteket og bytta ut lesestoff, før vi kjøpte oss jordbær og smoothie, køyrde opp og kosa oss på leikeplassen ved barneskulen.


... og prøvde ut nokre av dei nye leikeapparata:


Etterpå køyrde vi til Høse bru, kikka på elva og åt meir jordbær.


Det er pittelitt skummelt å gå over rista rett over elva!


Etterpå gjekk vi i laksestudioet, og såg på suldalslaksen:



Jada, det går an å feriere i eige ... nærmiljø!

Ingen kommentarer: