onsdag 3. juli 2013

Kvitebjørn i sommarregn

Sommar. Regn. Dagar som lett endar i frustrasjon. Krangel. Ei kjensle av at vi lar tida gå, utan å leve den. Slik kan det vere, slik er det av og til. Av og til er det herleg å ha mykje tid å berre sløse vekk, sløve seg gjennom ein grå sommardag. Men slik tenkjer ikkje fire-og seksåringar... Så då må ein finne på noko, ha eit prosjekt, eitkvart å kunne sjå tilbake på når dagen er over: Det gjorde vi i dag! Noko som gjer onsdagen annleis enn tysdag og måndag.

I dag vart det tur på museum, og utstillinga "Kvitebjørnen". Ei utflukt som viste at ein ikkje treng reise så veldig langt for å oppleve noko annleis!


Utanfor museet ligg "Brødrene av Sand" til kai. Både Jens og Lise tykte det var ein utruleg flott båt!


Sjølvaste Kvitebjørnen på skjermen...

...og nashornet er heller ikkje så langt unna:


Ei borg med krinkelkrokar og tårn det gjekk an å klatre i:


Og spegelrommet, med kongetrona i enden.


Her inne leika vi, naturlegvis, kongen befaler. Frå tid til anna kom det musikk i høgtalarane, og då kunne vi danse rundt i lånte hattar og kostymer.


I teiknekroken:


Til slutt leikte vi gøymsel, og nytta oss av alle krokar og gøymestader som er å finne på loftet i Nesasjøhuset. Veldig kjekt med eit slikt rom som innbyr til fantasileik og kreativitet i så stor grad! Jens og Lise kosa seg, og i alle fall Lise kunne vore der mykje lenger enn vi var. Kanskje vi må tilbake seinare i sommar?


Regnvérsdag. Innedag. Ein positiv sommarferiedag!

Ingen kommentarer: