søndag 28. juli 2013

Ni dagar rett over grasrota!

Etter ni solfylte og innhaldsrike dagar på sørlandet, sit vi att med haugevis av inntrykk, opplevingar og påfyll til dagleglivet att. Fotomappa er stappfull, og her er nokre av minnene frå den utvida veka på bibelcampen i Lyngdal!
 

Vérmeldinga sa at véret skulle vere strålande i uoverskueleg framtid for om lag 10 dagar sidan. Då snudde vi oss rundt og pakka i bilen tidlegare enn planlagt, og sette opp teltet vårt på bibelcampen torsdag for halvanna veke sidan. Jens og Lise hadde med syklane, og dei vart flittig brukt i løpet av ferien. Godt å ha ein storebror som kan hjelpe litt!

Også Signe fann seg godt til rette. Eg trur ho må vere historias enklaste baby å med seg på teltferie!


Sidan vi reiste tidlegare enn planlagt, hadde vi ikkje oversikt over kva som skulle skje dei første dagane av aktivitetar og tilbod. Overraskinga var difor stor fredag morgon då vi kom på kidz-party, og oppdaga at det var besøk av ingen ringare enn Jarle Waldemar!


Her er det stein-saks-papir-cup, stødig leda av ein tydeleg formidlar. Eg vert stadig imponert over kor tydeleg Jarle Waldemar er når han formidlar - og kor lydhøyre dei 300 borna i salen er. Det er nokre tips å snappe opp her, både for lærarar og andre!

Signe i solteltet sitt:


Vi var altså på campen i ni dagar. Åtte av desse dagane var det så å seie skyfri himmel, og vi måtte rømme teltet store delar av dagane fordi det var så varmt. Morgonane og kveldane var fine innanfor teltdukane, og vi klarte å oppdrive skugge nok til å ikkje forgå i varmen. Det er uvant, om enn veldig kjærkomment, for regnvant vestlandshud med slik sommarvarme!

Teltet i morgonlys.

Kidzcamp-koret på søndagsmøtet sist søndag:


Det fine véret innbaud til mykje leiking på stranda, og elles der ein måtte finne det tenleg. Som for eksempel i "sandkassa" utanfor C-internata...


Førre helg kom farmor og farfar innom campen, til stor glede for oss alle, og spesielt Jens og Lise. Det var stort å berre kunne ta sykkelen fatt og sykle til farmor og farfar si campingvogn! Dei reiste tysdag, men då var Vassbø-familien allereie godt på plass. Dermed fortsatte sykkelmoroa...

Her kjem kidzcamp-toget, med syklande Lise midt inni ein stad og elles ei rekke glade born som gler seg til barnesamling. I år er Jens så gamal at han var med på "Safari" (for 2.-4.-klasse) saman med Ruth, medan Lise, Aksel og Sakarias fortsatt deltok på "Jungelen".


"Det er gøy, gøy, gøy, å rope høyt, høyt, høyt, sammen med mine venner...":


For Signe sin del var "Jungelen" ein spennande stad å vere: Mykje lyd og mange folk, og så mange inntrykk at det var verdas mest naturlege ting å sovne halvvegs... Dette bildet tok eg medan ho endå var vaken:


Lise leikar bjørnen sover. Akkurat denne gongen var det litt mange som ville vere bjørn, men det gjekk visst på eit vis det også...


Fint vér innbaud til mange sykkelturar inn til Lyngdal sentrum, langs gangstiar som er så flate og fine at dei passar perfekt også for Lise!



Tysdag var det familie-sporløp på plenen, og Team Erfjord heiv seg inni kampen med innsatsen på topp.



Dessverre svarte ikkje resultata heilt til innsatsen... Her skyt eldstemann Nøstbakken totalbom på freesbee-bana...


Gunnstein gir alt på potetløpet...


Etter fleire postar med gode resultat, som posten der vi skulle finne songar ut frå ei detaljert teikning, posten der vi skulle fylle ut manglande ord i bibelvers, potetløpet og ikkje minst posten der vi skulle forme bokstavar med kroppane våre på bakken (For øvrig Lise sin favorittpost: Ho kunne berre ligge der, og så flytta vi rundt på henne etter behov...), gjekk vi sigrande ut av heile sporløpet. Då var gleda stor i teltet! Premien vart delt ytterst rettferdig, og sigerkjensla sat i ganske så lenge...


På bibelcamp er det sjølvsagt mange møter og bibeltimar. Vi merkar at tilveret som trebarnsforeldre, og attpåtil med baby med på laget, vert det noko lågare møtefrekvens enn det vi ynskjer sjølve. Men slik er livet! Vi har likevel fått med oss mykje, både møter og bibeltimar med Gunnar Ferstad, bibeltimar med Leif Nummela, møter med Runar Landro, Rolf Kjøde og ein del andre. Og sjølvsagt mykje sang! Divisi sang på mange møter, og sjølvaste Pareli leia allsangen:


 Bowling, med noko synkande innsats utover i andre runde... Her er alle fortsatt engasjerte og med:


Torsdag var vi på trylleshow med Ruben Gazki. Vi vart lurte trill rundt gang på gang, og eg lar meg alltid fascinere av kva den mannen får til. Men det som fascinerar meg aller mest, er den totale tilstedeværelsen og humor under showet. Det er ikkje alle som klarar å fengsle både 3- og 30-åringar!


Fredag hadde vi koseleg besøk av Raymond og familien. Martin er svært interessert i traktorar, og dei er det heldigvis ein del av på KVS Lyngdal. Her hjelper storesøster til med å forevige ein traktor i aksjon. Og eg lærte at det er ein New Holland!


Når ein bur i telt, må ein vere førebudd på alle typar besøk...


Dei fleste småkryp vart kasta rett ut att, men akkurat denne karen fekk vere litt lenger og fekk nok meir merksemd enn han ynskte sjølv. Truleg.

Oppvask på kjøkkenet:


Allsang for borna på kveldsmøte. Linkus kom på besøk, til stor glede for Jens og Lise!


Så kom vi til laurdagen, den einaste dagen vi har vakna opp til regn... Og dette var dagen vi skulle pakke ned teltet og alt som var i det. Eg må innrømme at eg var litt skeptisk der ei stund på morgonen, men heldigvis skein sola opp etterkvart, og teltet var knusktørt då vi pakka det ned!


På ferjekaia på Lauvvik:


No står teltet trygt lagra på boden, bilen er tom og vi har vendt tilbake til vanleg rytme. Det er kjekt å bu i telt, men det var veldig deilig å kunne legge seg i si eiga seng i går kveld!

Ingen kommentarer: