tirsdag 30. juli 2013

Sjøliv

Sommar og sjøliv høyrer saman. Her er nokre bilder av litt sjøaktivitet dei siste to dagane, fram til regnet kom... På veg til Habn:


Og i Habn:





Jada, viss ikkje dette er god sjøaktivitet, så veit ikkje eg!

Ein kan sjølvsagt gjere andre ting også:



Også i dag var Jens i Habn for å svømme, trass regnet som plaska ned. Det var visstnok ikkje så aller verst, og vert truleg gjenteke i morgon.

Nokon ynskte å ha tre fletter i dag, og jammen fekk ho det også!


Medan Lise var i barnehagen og leika seg, vart Jens og eg med Dagfinn og gjengen ut i båt for å fiske.


Ein skikkeleg rask båt:


Gøy!


Under Erfjordbrua fekk vi makrell, og lenger ute i fjorden kom vi over eit par stimar med sei. Dermed vart det steikt makrell til middag i dag, og i morgon står fiskegrateng på lista... Her er fangsten i stampen, lettare spylt rett før sløying. Ein lyr, ti sei og ein haug makrell:


Ingen kommentarer: