mandag 1. juli 2013

Skattejakt og knuteknyting

Skattejakt er alltid spennande. Her er Jens og Lise på skattejakt i nærmiljøet, og det dei leitar etter er blomar...


...men ikkje kva som helst slag blomar. Dei skulle vere gule!


Storleiken hadde visst også noko å seie, for då eg viste dei tepperot, svara dei berre: "Å, ja." Og sette kursen mot soleiene på andre sida av stien... Så det blei ikkje store fangsten, kan vi seie. To ulike. Og ein gullhårstrikk, som på eit eller anna mystisk vis passa inn i skattekategorien.

Ein annan skatt som dukka opp brått og uventa, var morfar sin attgløymde termos. Nokon følte sterk omsorg for den, og drog den med seg i fleire timar. Kanskje den var ei slags trøyst, i og med at Lise erklærte at ho skulle vere med mormor og morfar heim. Aleine... Det er ikkje så lenge til vi skal dit, så då kan ho i alle fall seie at ho har teke godt vare på termosen enn så lenge!



Å lære nye ting er alltid kjekt (Ikkje sikkert at elevane mine er heilt einige i det, då...), og Jens har i det siste øvd mykje på noko han veldig gjerne vil kunne...



Øvd og øvd og... i alle fall no og då...


...og no ser det ut som han begynner å få dreisen på det. Her er i alle fall eit bilde av første gong han knytte sine eigne sko heilt sjølv!


Ingen kommentarer: