fredag 12. juli 2013

Sunnfjordingsdrop-in

Torsdagen brukte vi til å vente... og vente... og vente... og vente... "Kjem dei snart?" "Kjem dei no då?" "Er det lenge til dei kjem, eller?" "Kan vi gå ut og sjå etter bilen no?"... Og eg kjenner att kjensla frå min eigen barndom. Vente... og vente... og vente... på noko godt som skal kome.

Og så plutseleg kjem dei!


Det kom riktignok ein stor raud bil med tilhengjar inn på plassen berre eit kvarter før, og Lise var overbevist om at det var onkel Arild og dei som kom. Ho vart litt skuffa då, men desto gladare då ho plutseleg såg den ekte bilen svinge inn og parkere.

Etter campingvognparkering, velkomst og grilling, tok onkel Arild og eg borna med på fisketur (ikkje Signe då, sjølvsagt... men resten) på Bogskaia. Sidan  min kjære gadgetbror har det meste av duppedingsar som går an å ha, hadde han sjølvsagt med ei lita fiskevekt. Dermed vart det fort konkurranse ut av det heile...


Sidan Arild frå barnsbein av har hatt ei noko anna haldning til fisking enn meg (som først har blitt begeistra dei siste par åra), har han også litt meir teken på sløying og filetering. Det er i alle fall første gong eg har kome heim frå fisketur med ferdig filetert fisk!


Vi fekk makrellar frå 120 - 420 g, og elleve stykker til saman. Viss det var nokon som lurte på resultatet av fisket!

I dag har vi for det meste leika utanfor huset, og Lise har gått i hælane på onkel ca 97,3% av tida (Det er vel berre dopausar vi treng trekkje frå, i grunn...)

Flygesykkel med motorlyd (a la Harry Potter?):

 

Teikne med gatekritt:


Hoppe strikk, her representert ved "Sikk-sakk-buksa-sprakk":


Det var nokre glimt frå dagen, og eg ser på bileta eg har plukka ut at innlegget like godt kunne heitt "Lise og onkel Arild"... Vel, det er bra å ha gode heltar! Heldigvis har alle vi andre også vore hjarteleg til stades!

Ingen kommentarer: