søndag 11. august 2013

Årets første skikkelege fjelltur!

Av logiske grunnar har det blitt lite fjellgåing dette året - er ikkje så lett å ta med seg ein to månadar gamal baby på fjellet... No er Signe godt og vel fire månadar, og vi tykte det var på tide at ho får oppleve fjellivets gleder! Det største spenningsmomentet i dag var likevel ikkje henne, men heller Lise, som no må gå på sine eigne bein, heile turen.


Vi valte å gå til Kleppsnuten, sidan det er så gode stiar. Og utanom heilt i starten og heilt på slutten er det rimeleg slak stigning, dermed skulle forholda vere gode også for Lise. Ho la i alle fall i veg med friskt mot! 


Første store motivasjon var å nå klovnesteinen. Det er bratt opp, og Lise var sliten når vi nådde den. Då passa det godt med matpause og innhenting av nye krefter! Frå klovnesteinen kan vi sjå heilt opp til Kleppsnuten, som i dag låg innhylla i tåke.


Også Signe hadde matpause på veg opp:


Langs så og seie heile stien kunne vi finne blåbær. Jens hoppa mykje frå tue til tue på veg både opp og ned, i alle fall dei stadane det var mykje å finne! I tillegg fann vi ein del molte. Greit å kunne finne niste langs vegen også!


Vi nærmar oss toppen. Signe sit bekvemt i bæreselen, og hadde ein alle tiders tur. Det var mykje soving, men også mykje prating. På veg ned hadde eg henne ein del høgare på ryggen enn dette, og vi "prata" til langt ned i bakkane før ho sovna att!


Så var vi oppe. Kan ikkje klage på utsikten, i alle fall ikkje all den tid toppen låg midt i skodda då vi starta å gå!


Med unntak av tjue meter i det bratte henget rett før toppen, så gjekk Lise på eigne bein heile vegen. Ho var sliten, men også veldig glad! Etter dette bildet, gjekk ho sjølv heile vegen tilbake til bilen. Ikkje så veldig rart, kanskje, at ho sovna som ein stein då ho la seg i kveld...


På toppen skreiv vi namna i turboka. For at du skal sleppe å måtte gå dit for å få det bekrefta at eg snakkar sant; her er beviset på at også Nina, Signe og eg var på toppen:


På veg ned støytte vi på denne sjarmerande karen i graset:


Både Jens og Lise har tydelegvis litt guff att i beina...


På veg over myra tilbake til klovnesteinen. Det gjorde godt å komme seg ut i friluft og opp på fjellet att. Med tanke på kor godt det gjekk med både Lise og Signe, lovar dette godt for turhausten!


Ingen kommentarer: