torsdag 8. august 2013

Bursdagsfest


I ettermiddag samla vi 15 born utanfor hos oss, for å feire Jens sin sjuårsdag. Alle klassevennane frå 1. og 2. klasse kunne komme, og Lise følte seg nok litt utanfor. Då er det godt å kunne setje seg litt høgare opp, og få overblikk! For oss vaksne er det ikkje så verst å ha denne gjengen på besøk. To flotte klassar, med kjekke born! Jens er heldig som får tilbringe skuletida saman med dei.


Tradisjonen tru var det fint vér i selskapet til Jens, og ein del hadde teke med eigne syklar. Her sit alle 15 klare til å ete bollar, frukt og popcorn:



Pilkast-på-ballong-leik:


Inne i ballongane låg det to karamellar/lakris i kvar. Dei som klarte å treffe, kunne ta den eine karamellen sjølv, og gi den andre til nokon som ikkje hadde fått eller hadde fått få. Dermed vart det grei fordeling av snopet. (Og viss nokon tenkjer at dette var ein slik 'lære-borna-sosialisme-gjennom-leik-leik, så var det ikkje tilsikta, sjølv om det sjølvsagt ikkje skadar å lære dei å dele godene!)

I starten såg "blinken" slik ut:


... og etter x antall pilkast, hang det att ein einsleg liten ballong med lite piff i, som det nesten var umogleg å treffe. Ein hard kjerne gav likevel ikkje opp, og eg snappa opp kommentarar om at dei ikkje kom til å gje seg om det så vart natt...


Til slutt var det nokon som traff, men det var så lite luft i ballongen at den ikkje sprakk...

Jens fekk mange kjekke gåver av klassevennane. Mykje artig å finne på her!:

Ingen kommentarer: