søndag 25. august 2013

Erfjordleikane 2013

Ettermiddagen tilbragte vi i dag på Moane, saman med ei rekke andre erfjordleik-deltakarar. Det første Lise gjorde då vi kom, var å stille seg i kø til hesteridinga:


Den store planen hennar var å "hoppe kjempelangt!" Men då vi kom til lengdegropa vart ho plutseleg beskjeden og ville heller sjå på. Det vart ikkje noko hopp... 60-meter derimot, det vart sprunge! Dessverre litt uklart bilde, men det heile gjekk litt fort for meg (faktisk under 20 sekund!)


Tippeløype i skogen var eit anna høgdepunkt, men det heilt store var stafetten mot slutten av arrangementet. Fire lag konkurrerte på sparkesykkel, stylter, springing og tremannsski. Hyggeleg underhaldning å få med seg ein nydeleg sommardag!


Ingen kommentarer: