fredag 2. august 2013

Guttetur/ferjetur/bytur/handletur/bærtur/...

Kjært barn har mange namn. Jens og eg var i alle tilfeller på bytur i dag, til sjølvaste Sandnes. Handle-/fikselista var ganske lang, og motet var på topp!


Her finn Jens skattar i strandkanten - albueskjell, som fulgte oss på resten av turen og no ligg på toppen av borna si bokhylle i stova. Det viste seg, i følgje Jens, at dette funnet var ein av dei viktigaste tinga som vart ordna denne dagen...

Og så var det kjekt å springe om bord på ferjene.


Véret var upåklageleg. Vi angra på at vi gjekk med langbukser, begge to, og angeren var aukande utover dagen. Den nådde eit slags toppunkt då termometeret viste nærare 30 grader ein gong tidleg på ettermiddagen...


Bukser eller ei, vi takla det igrunn bra og utnytta tida i ferjekø til fulle. Blant anna med å sjå på stilige båtar, finne, som før nemnt, skjell og speide etter innkomande ferjer. Vi hadde også ein del konkurransar på turen. For eksempel så tippa vi kor mange bilar vi trudde kom til å køyre av ferja. Jens var nærast kvar einaste gong...


Vi snakkar ekte ferjetur:


Land i sikte!


Berre under brua først...


...og så openberrar storbyen seg for oss!


Dei timane vi brukte i sjølve Sandnes er ikkje så godt dokumenterte fotografisk. Eit av to bilete eg tok mellom ankomst og avreise (Det er tydeleg at det var sjølve reisene som var viktige for oss...) er dette:


Vi flaug, med stadig slitnare føter, frå butikk til butikk og ordna dei fleste punkta på handlelista. Gutta på shoppingtur klarte seg rimeleg godt, og støtte ikkje på så mange hindringar. Den største var kanskje då vi skulle til Jysk inne i Sandnes sentrum, og vi måtte køyre store omvegar fordi så mange gater var stengte av. Det skulle tydelegvis vere eit eller anna arrangement der i dag (Seinare fann vi ut at det skulle vere skiløp, og vi såg litt av det på teve i kveld. Heilt til lynet tok straumen og kopla ut datamaskina...)

Så reiste vi heim att, no med litt meir skyer på himmelen.


Ikkje at det hindra oss i sjå på livet på havet...


...eller livet i havet, for den saks skuld:


Denne maneten vart observert utanfor kaia på Hjelmeland. Obs! Obs!

Til slutt eit litt "profetisk" (?) bilete. Her ser de eit varmt og rimeleg lyst og triveleg indre ryfylke til høgre, men kva er det som kjem drivande inn frå venstre, om ikkje framtida i klårsyn?


Eg ynskjer alle ein triveleg og regnfylt laurdag! Nyt det så lenge det varer, snart er sola tilbake med sine brennande armar!

Ingen kommentarer: