lørdag 31. august 2013

Hurtigtur og hurtigmat

Det er laurdag. Det er turdag. Lise har vore sjuk eit par dagar i veka som gjekk, og véret er mildt sagt ustabilt. Alle piler peika i retninga av ein kort tur i dag, og kva er vel kortare enn ein tur opp til Klokkeåsen?


Første del av turen går over ekrene til Svein, før vi svingar inn på ein liten skogsveg og til slutt inn i sjølve skogen. Signe sit som vanleg på ryggen, og som vanleg går det ikkje så lang tid før ho sovnar...


Jens og Lise er over seg av begeistring over alle soppfunna i skogen. Vi er jo inne i sjølve høgsesongen for denne type vekstar. Her er nokre av dei dei såg:


Denne var festa på undersida av eit velta tre, og var ganske mjuk å ta på. Den neste kalla dei for blomstersopp...


Lise ville gjerne ta bilde av den, og slik vart det. Ikkje så verst:


Vi fann også nokre av denne typen, som raskt fekk namnet "grillsopp". Den var vanskeleg å ta bilde av, for den var så svart og blank at fotoapparatet nekta å fokusere på den...


Vi sit dessverre med generell liten kompetanse på sopp og soppnamn. Viss det er nokon som veit kva desse soppane heiter, vert vi glade for litt opplysning! I tillegg til desse oppdaga dei ei rekke andre soppar, både små og store. Eg tok ikkje bilde av alle...

... men eg tok bilde av Lise som oppdagar endå ein spennande sopp:


Så nådde vi toppen, og kunne skrive namna i boka. Vi var litt våte, for det kom eit regnskyll rett etter at vi hadde starta oppstiginga. På toppen var det derimot strålande sol og nesten blå himmel!


Og så, på veg ned att, skya det over att og regnet ausa over oss ei stund. Jammen godt at det ikkje er så veldig kaldt for tida!


Vel nede att og på veg ut av skogen... Sola skin! Nemnde eg at véret er ustabilt i dag? Ja, eg gjorde visst det.


Som ei motvekt: Eit bilete av stødige og stabile vesen:


Det var hurtigturen. Over til hurtigmat... I alle fall hurtigmat på lat. Lise har jobba og spara i månadsvis, og endeleg, i dag tidleg, kunne ho sjå at målet vart nådd: Sitt eige leikekjøkken i ein krok i stova!


Lise elskar fantasileik, og kan småsnakke og leike med seg sjølv og leikar i lange tider. Ikkje overraskande har ho i dag stått mykje ved leikekjøkkenet...



Og vi andre har blitt servert alt frå kaffi til lapskaus i diverse koppar og skåler... Vert ikkje matmangel i tida framover, nei!

Her står kaffien på lunk, klar til å ta imot nye gjester...


Ingen kommentarer: