onsdag 7. august 2013

Jens 7 år!

Så er Jens blitt sju år gamal. Eg skal ikkje komme med flosklar som: "Du og du som tida går" eller "Eg kan ikkje tru at den vesle babyen vår alt er blitt sju år gamal". Slett ikkje. I staden vel eg heller å svelje den vesle klumpen i halsen, og vise nokre bilete frå dagen i dag. Det er kanskje litt rart å starte eit bursdagsinnlegg med bilete av ein sykkeltur...


...men det har si logiske forklaring, altså. Jens er nemleg ein morgonfugl. Av dimensjonar. Lenge før Signe hadde tenkt å vakne, var han oppe og i full sving. Det låg ein presang på stovebordet, men han ville vente med å opne til alle kunne vere med. Dermed måtte vi finne på noko for å få tida til å gå, så då gjekk vi ut og reparerte det punkterte framdekket. Det vart punktert i mai ein gong, og har blitt lappa tre gongar etterpå. (Eg skuldar på dårleg lim. Noko anna kan det ikkje vere...) Dei siste vekene har vi pumpa luft i dekket kvar morgon, og det held i om lag akkurat ein dag.

I dag tidleg drog vi ut heile den gamle slangen, og sette inn ein flunkande ny. Så no satsar vi på luftfylte dekk - every day!

Kasserte slangar kan fortsatt brukast!


Omsider vakna også Signe, og pakkar kunne opnast. Dermed kunne ein del av spenninga med dagen få utløysing, samtidig som det i slike tilfeller er veldig lett å gire seg opp. Veldig... Difor passa det godt å gå oss ein tur før lunsj, medan Signe skulle sove og energinivået hos storesøskena hadde nådd store høgder...


Bjørnebær og bringebær langs vegen:


Tradisjonen tru her i huset er det bursdagsbarnet som bestemmer menyen for bursdagen. Lunsjen vår såg difor slik ut:


Så var det tid for å leike med bursdagsgåvene. Her var mange kjekke gåver, og mykje moro for både store og små!



Til stor glede fekk han to radiostyrte ting! Helikopteret er veldig stilig, men vanskeleg å styre. Foreløpig er det difor pappa som har køyrt mest med det... Bilen var noko enklare å hanskast med, og her er dei ute og køyrer etter tredje omgang med batterilading...


Eit kodespel som liknar veldig på gode gamle MasterMind, men i nyare og stiligare innpakning. Han løyste oppgåva, og har sett fleire kodar til mamma etterpå. Også Lise var med på Jens sitt lag ei stund, men ho hadde veldig lyst til å endre på koden undervegs...


Gåvene, på eitt breitt:


Til slutt eit dejá vú-bilete - for min eigen del. Å lage mat med Jens i bæresele var eit veldig vanleg syn på kjøkenet vårt for om lag seks år sidan. Lise var ikkje like tålmodig, så sjølv om også ho var med på denne måten av og til, ville ho raskt over på andre ting. I dag laga Signe og eg bursdagsmiddagen saman (Jens valte risengrynsgraut. Litt uvanleg, men god bursdagsmiddag!)


Det må seiast, for ordens skuld, at Signe vart lei etter om lag ti minutt og ville gjere noko anna,  men det var lenger enn eg tenkte at ho ville orke. Eg ser for meg mange koselege stunder på kjøkenet i haust!

Ingen kommentarer: