lørdag 3. august 2013

Jonny og Ponny... EIN!


Lyn, torden, regn og vind har rulla forbi bygda vår, og fylt det siste døgnet med svært skiftande vér. Rett før eg tok biletet over her, gjekk det to små racerbilsjåførar i sokkelesten på altanen. Dei kappkøyrde med dei nye matchbox-bilane som Jens kjøpte som bygåve i går. Full fres! I bakgrunnen tre bobilar som mest truleg er tyske.


Og litt seinare, heilt plutseleg, kom ein kastevind hivande over oss, og bøygde trea mot bakken. Det var voldsomme kast, men vart ikkje så frykteleg lenge. Like brått som den kom, for den att, og sommardagen vart fylt av... pøsregn...


Det er på akkurat slike dagar det er greit å ha aktivitetar å drive på med inne. Vi har vore ein del ute også, altså. Jens og eg var for eksempel i båthamna og fiska då den verste regnskuren sette inn... Likevel må det innrømmast at det fristar meir å spele spel eller lese når regnet plaskar og lyna blinkar. Eller kanskje sjå ein film. For ei veke sidan kom vi att frå teltferie i Lyngdal, og då hadde vi med oss dette i bagasjen:


Alle bøkene er tekne aktivt i bruk. To av dei, dei til venstre, er dagleg framme, medan dei to til høgre er lest/vert lesne av dei vaksne i huset. Så var det filmen att då... Jens og Lise skulle få velje seg ein film, og valet fall på Jonny og Conny. Det er veldig viktig for nokon å presisere at det er Jonny og Conny EIN, for nummer to verka litt for skummel, ut frå traileren... Same vedkommande har også fått det for seg at filmen heiter Jonny og Ponny, og det er jo igrunn sjarmerande. Så er i huset vert det for tida sett ein del på:


Jonny og Ponny EIN!

Ingen kommentarer: