torsdag 22. august 2013

Lukka er...

 ... å kunne bla i ei bok. Sjå på bildene? Javisst, så lenge nokon viser. Men aleine! - å kunne bla, att og fram, att og fram, att og fram, att og fram, att og fram... Og det beste er at det aldri vert keisamt!


... å gå på blåbærplukketur med Jens og Lise. Traske opp i skogen, plukke sekken full av herlege bær, og gå saman ned att, med blå fingrar, blå lepper, blå tunge og blåflekka klede...


Det slår meg av og til (ganske ofte, faktisk), og sjølvsagt heilt objektivt sett, at fyttikatta for nokon fantastiske ungar eg har!

Ingen kommentarer: