torsdag 1. august 2013

Sjakk

I går var Jens, Lise og eg på Sand. Ein bibliotektur i ny og ne er eit must... Vi åt lunsj på den vesle leikeplassen utanfor Suldal Installasjon, der det blant anna står eit noko stort sjakkspel på plenen. Nysgjerrige på spelet begynte Jens og Lise å flytte på brikkene, og dei ville gjerne spele. Dermed stilte vi opp, og eg prøvde å forklare så enkelt som mogleg korleis det skulle gjerast... Men kor enkelt kan det eigentleg forklarast? Uansett, sjakk er nok et spel som passar godt inn i Jens sin hjerne, og han likte det trass i forvirring og lite oversikt...

I dag leita eg fram sjakkspelet eg fekk av tante Liv for.. ja, snart tjue år sidan. Med handlaga inkafigurar frå Bolivia, er spelet eit lite klenodium. I alle fall for meg. Og Jens og Lise vart også begeistra for figurane!


Det er litt enklare å halde oversikten på eit bordbrett, så det var enklare å forklare reglar og spele. Likevel er det vanskeleg, og eg måtte gje Jens mange råd om kva som var lurt å gjere. Som regel gjekk desse råda heilt på tvers av mine eigne planar, så på mange måtar motarbeidde eg meg sjølv... Men då er det sjølvsagt kjekkare for Jens, og med tida vil han nok kunne spele meir sjølvstendig. Det blir bra!

"Hesten" er ikkje nokon vanleg hest i denne utgåva...


Habn i går:


Det aller beste med sommarferie, er å kunne bruke tida si til det ein har lyst til - i alle fall den tida ein elles brukar på jobbrelaterte ting. I dag har vi for eksempel sykla/gått på tur til Erøy, laga ein liten animasjonsfilm ute, spelt sjakk, leika med Signe på golvet, sykla, kasta freesbee, ete nektarin, vassmelon og blåbær, spelt grow cube, lest i bok, snakka med bursdagsfarmor på skype osv. Skal tru kva vi skal bruke morgondagen til?




Ingen kommentarer: