mandag 30. september 2013

Konfirmantweekend på Gullingen

Ei konfirmanthelg er over, og forhåpentlegvis sit konfirmantane att med mange gode opplevingar og tankar dei kan ta med seg vidare. Eg hugsar ganske mykje frå mi eiga konfirmantweekend, då eg var 14, så det er igrunn litt skummelt å skulle vere leiar ei slik helg... Men det verka som dei hadde det greit, og for min del var det også veldig kjekt! Her er nokre glimt frå helga:

Slik var véret. Ikkje tull eingong!


Fredagskvelden starta vi med pizza, og etterpå leikar på fotballbana. Her er eit bilde frå oppvarminga...


Kveldssamling, med song og andakt, vart avslutta med lystenning.


Godt volum då vi sang Deg være ære. Ein god melodi å synge!


Så var det 50-leiken. Ida og eg hadde hengt opp 50 postar rundt om på Gullingenområdet. Så trilla laget terning, leita opp posten, fann svaret på spørsmålet, og fekk trille på ny viss dei svara rett. Vinnaren var det laget som først kom til post 50 og svara rett. Her trengte dei altså både flaks, kunnskap og leite-i-Bibelen-skills! Post 11 og 23 var nesten umoglege å finne, men elles gjekk det greit og vi klarte å kåre eit vinnarlag.


Etter ein pause med grilling, var det tid for teambuilding. Gruppene gjekk frå post til post, og utførte til saman 10 ulike konkurransar. Og alle oppgåvene krevde samarbeid! Her var det balansen som vart testa:


Komme seg frå A til B på fem bruskasser, utan å vere nedi bakken. 


Stable fem epler i høgda... var ikkje så enkelt...


Å gå frå A til B med beina surra saman var heller ikkje så lett!


Her skulle gruppa gå ei løype, og etterpå skulle dei gå den same løypa på nøyaktig same tid:


Flaskebowling. Velte flest mogleg flasker ved å kaste fem vedskier. Rekorden var fire ned.


I tillegg til desse var det fire fleire oppgåver, og konfirmantane var engasjerte!

Ingen leir utan kiosk...


Laurdagskvelden hadde vi kampkveld. Fredeleg (?) kappestrid om heder og ære, og ein pose twist... Dommarane var knallklare til å dømme:



Ida og Marianne stilte opp som hjelpemannskap i korrekt antrekk:


Eg vil ikkje røpe for mange av konkurransane, i tilfelle framtidig bruk, men eg kan røpe at deltakarane måtte gi ganske mykje av seg sjølv. Heldigvis backa laga opp så godt dei kunne, og det såg ut som konfirmantane kosa seg. Her er den tradisjonsrike leiken Finne-eple-i-vatn-og-godteri-i-mjøl...


Og så måtte det ryddast opp...


(Dei tre bileta frå kampkvelden er tekne av Elida Lillehammer Bakka, elles er det eg som har vore rundt og knipsa)

søndag 22. september 2013

Kyrkjebok og babysong

I dag var det hausttakkefest, og Lise skulle motta fireårsboka. Dette har dei øvd på, så det var ei knallklar, om enn beskjeden, jente som møtte opp i kyrkja litt før klokka eitt.



Dei ni fireåringane gjekk inn i prosesjon, og sette frå seg blomane dei hadde med seg i ein vase ved altarringen. Seinare i gudstenesta deltok dei med song, og så fekk dei altså fireårsboka. Personleg tykkjer eg boka er veldig fin, og det tykte heilt klart Lise også. Den er allereie teken i bruk som høgtlesingsbok og songbok både i sofaen og på sengekanten!


Mot slutten av gudstenesta var det Signe og hennar vener sin tur til å delta. Det vart presentert litt av opplegget på babysong, og Signe deltok med iver og glede. Dette var jo kjente songar, og forventningen stod skrive i ansiktet då dei begynte å synge bom-chicka-bom... Det er fint at dei aller minste også kan få delta i gudstenesta med sine ting!



lørdag 21. september 2013

Det regnar på presten og dryp på klokkaren...

Denne laurdagen har vi måtte skilje lag, for både Jens og Lise hadde fullt opp med program. På kvar sin kant. Lise var invitert i bursdagen til Hallvard, og har gått rundt og gleda seg i dagevis, heilt sidan ho fekk det o store brevet. Presang har blitt behørig leita fram (Ei spionlommelykt, må vite!), og kort har blitt designa og underteikna. Ho var knallklar, og storkosa seg i selskap.


Etterpå bar det rett avgarde til kyrkja, der alle fireåringane (som altså nettopp hadde vore i bursdagsselskap) øvde på prosesjon og å ta imot bok, samt at dei fekk høyre om dåpen og kyrkja. Blant anna skulle dei gå på skattejakt etter gjenstandar i kyrkja: Dei fekk ut kvar sitt ark med bilete av detaljar i kyrkja, og så kunne dei setje kryss ved bileta når dei hadde funne kor i kyrkja det var. Lise viste stolt fram arket sitt då ho kom heim! Grunnen til besøket i kyrkja, er at dei skal få fireårsboka i morgon på hausttakkefesten. Greit å vite kva ein går til!


Medan alt dette føregjekk, var Jens deltakar på suldalscupen på Suldalsosen. Der var det vått og grått, men likevel stort sett godt humør...


Fire kampar á 13 minutt spelte laget hans, og kampane var spreidde utover dagen, frå elleve og fram mot halv tre.


Dermed var det ein del ventetid mellom kampane. Då passa det godt å ete litt pølser og brus, sjå på andre kampar og leike saman med gode vener.


Resultatet er ikkje det viktigaste i denne typar kampar. Speleglede, lagånd og øving er vel hovudmålet. Jens har nok allereie gløymt korleis kampane gjekk, men som tilskodar kan eg seie at dei spelte to uavgjort, tapte ein og vann ein. I alle fall viss eg har oppfatta alt riktig... Jens stod i mål to av kampane, og gjorde ein god jobb der.


I ettermiddag har vi fordøydd alle inntrykka og alt laurdagssnopet, teke livet med ro og kosa oss ilag. Til barne-tv ville dei gjerne sjå musikkvideoen The Fox... Den er ein klar favoritt for tida! Etter å sett den to gongar, med ynskjer om endå ein gong, foreslo vi at dei kunne få sjå barne-tv frå då mamma og pappa var små. Dei var begeistra for ideen, og vi var sjølvsagt spente på om dei ville like det. Ingen grunn til frykt: Dei elska det, og sat klistra til skjermen ein heil episode av... (nokon som kjenner att kva dei fekk sjå?)


fredag 20. september 2013

Plommer og fleire plommer!

Torsdag, litt mot slutten av arbeidsdagen, fekk eg ein svært hyggeleg telefon: "Hei, har de lyst på plommer?" Og sidan vi alltid har lyst på plommer, svara eg ja! Jens, Lise og eg tok med oss bøtte og godt humør og entra stigane på Vårli:


Der oppe hang dei, store og deilige plommer!



Lise oppdaga sukkererter i hagen til Jarle og Sigfrid, og ho fekk med seg ein del erter også. Sidan dette er noko ho er veldig glad i, må vi vel kunne seie at ho var rimeleg heldig der!


Det vart fullt i boksen etterkvart...


Vi kom heim med to bøtter fulle av plommer, og sette i gong med sylting:


Kjekt kveldsarbeid!


No har vi fylt opp syltetøyhylla i kjellaren, og gler oss til mange skiver med sjølvlaga syltetøy! For oss som ikkje har hage, var det ein svært kjekk telefon å få. Takk for plommene!


onsdag 18. september 2013

Boklista


"Når eg har lest ferdig denne (Verdens rikeste gutt) og "Frans og hundene" og den andre eg lånte på biblioteket i går, og eg har lest dei to Rampete Robin-bøkene som Irene skal finne til meg, så skal eg lese Pinocchio! Og mamma, når ho har lest ferdig den om Momo, kan ho lese den om at det suser i sivet", sa han, og sette seg i sofaen for å lese medan han venta på frukost.

Altså, her snakkar vi om ganske alvorleg miljøskade!

mandag 16. september 2013

Ei veke og ein dag og endå litt til

I hektiske periodar er ikkje bloggen det som ligg øvst på prioriteringslista, slik er det berre. Difor, slik som no om hausten når alt startar opp att, er det mange ting eg gjerne skulle skrive om, men så vert det ikkje noko av. Her kjem difor eit lite oppsamlingsinnlegg, med diverse bilete frå dei siste halvanna vekene!

Først springekarusell på Moane. Her er det veldig mange born som deltek, og det er kjekt å kunne delta på eit litt meir organisert idrettstilbod, som er tilpassa dei minste. Springe ein runde, sykle ein runde og så ete ein is til til slutt...


Sesongens siste kamp for Jens. Dei spelte mot Nes, tapte så det sang, men humøret var på topp. Fotball skal vere gøy!


Eit par laurdagssnop-bilete. Nokon et opp sitt raskt, medan andre, som for eksempel Lise, brukar lengre tid. Og smågodt er finfint til å lage mønster med og leike med!


På det siste snopebildet kan de i tillegg sjå boka om Alf og Bett. Dette er ei lesebok for dei minste, og er for tida ei av Lise sine favorittbøker.

Onsdagsklubben starta opp att førre onsdag. Dei største deltakarane skulle blant anna designe sin eigen draumeplanet, etter å ha høyrt bibelforteljinga om skapinga av verda.


Eggatjuven:


Og så er det inn til avslutningssamling i storsalen...


... der vi på onsdag telte 57 deltakarar! Salen var heilt full, og dei fulgte med som lys. Fantastisk!


Nokon er aktive på kjøkkenet sitt, og har i dag kokt både pølse, rosinsuppe og havregraut...


Same vedkommande er også hjarteleg til stade på barnetrimmen i gymsalen. Det er kjekke tre kvarter blant gymbenkar, slengtau og mjuke matter!


Vi har haustvér for tida. Det er vått, og temperaturane er på veg nedover. I går gjekk Nina og nynna på julesongar... Sommaren er definitivt forbi!


søndag 8. september 2013

Turfantar på Hegreheia!

Så nådde vi målet i år også: vi vart turfantar! (utanom pappa i huset då, han har ikkje gått Erøy rundt endå... Men det skal gjerast om ikkje så lenge!) I går gjekk vi på Hegreheia, og hadde godt turfølgje med oss:


Som vanleg var Jens den mest energiske av oss, og langa i veg oppover. Dermed vart det også ein del ventetid. Ein del tre langs stien fekk eit litt bråare møte med hausten og bladfelling enn dei hadde tenkt...


Her klatrar han på den gigantiske steinen som raste ned rett ved stien i vinter:


Fin utsikt på veg opp!


... og flotte haustfargar langs stien. Røsslyng:


Det er rimeleg bratt enkelte stader. Dei minste beina var ganske slitne då vi endeleg kom til toppen!


Og andre bein vart mykje våtare enn det som godt er... Det er ikkje berre lett å krysse bekkar som er fylt til randen med regn etter tordenvér... 


Også opp mot Hegreheia veks det sopp. Mange ulike sortar på bakken, og så desse som veks på trea, og som nok er dei mest spennande. Mest fordi dei er så gode å ta på!


Turbensin:


Signe fekk mat på veg opp, og pausen vart brukt til leik. Jens klatra i tre:


... og Lise og Victoria leikte gøymsel:


Som sagt, upåklageleg utsikt!


Så nådde vi endeleg toppen, og kunne skrive namna i boka.


Andre strevarar på heia. Ein død larve er sikkert mat til mange!


For slitne bein, både små og store, var det herleg å ta seg ein matpause.


På veg ned att sit Signe ei stund på hos mamma, og et nista si medan dei går...


Vi valte ein annan veg ned att, sidan bekken var så stor. Trass i noko usikre stifinnarar, kom vi oss heile ned att, og på riktig plass!

I dag har vi vore på Betel på storsamling. Det er alltid oppmuntrande å samlast med heile "storfamilien"!


For første gong fekk eg prøve ut den nye lydpulten på denne type møte. Saman med Jonas (som styrte lyden) og med ei ryddig køyreliste frå Berit gjekk det heile finfint!



Dette har vore ei verkeleg aktiv helg! I går kveld var det KRIK i gymsalen, og eg hadde andakt. Viss du ynskjer å lese andakten, finn du den her: Sprettstein: Tru, håp og kjærleik.


Ikkje farleg å arrangere KRIK-samling med ein slik aktiv og herleg gjeng!