mandag 16. september 2013

Ei veke og ein dag og endå litt til

I hektiske periodar er ikkje bloggen det som ligg øvst på prioriteringslista, slik er det berre. Difor, slik som no om hausten når alt startar opp att, er det mange ting eg gjerne skulle skrive om, men så vert det ikkje noko av. Her kjem difor eit lite oppsamlingsinnlegg, med diverse bilete frå dei siste halvanna vekene!

Først springekarusell på Moane. Her er det veldig mange born som deltek, og det er kjekt å kunne delta på eit litt meir organisert idrettstilbod, som er tilpassa dei minste. Springe ein runde, sykle ein runde og så ete ein is til til slutt...


Sesongens siste kamp for Jens. Dei spelte mot Nes, tapte så det sang, men humøret var på topp. Fotball skal vere gøy!


Eit par laurdagssnop-bilete. Nokon et opp sitt raskt, medan andre, som for eksempel Lise, brukar lengre tid. Og smågodt er finfint til å lage mønster med og leike med!


På det siste snopebildet kan de i tillegg sjå boka om Alf og Bett. Dette er ei lesebok for dei minste, og er for tida ei av Lise sine favorittbøker.

Onsdagsklubben starta opp att førre onsdag. Dei største deltakarane skulle blant anna designe sin eigen draumeplanet, etter å ha høyrt bibelforteljinga om skapinga av verda.


Eggatjuven:


Og så er det inn til avslutningssamling i storsalen...


... der vi på onsdag telte 57 deltakarar! Salen var heilt full, og dei fulgte med som lys. Fantastisk!


Nokon er aktive på kjøkkenet sitt, og har i dag kokt både pølse, rosinsuppe og havregraut...


Same vedkommande er også hjarteleg til stade på barnetrimmen i gymsalen. Det er kjekke tre kvarter blant gymbenkar, slengtau og mjuke matter!


Vi har haustvér for tida. Det er vått, og temperaturane er på veg nedover. I går gjekk Nina og nynna på julesongar... Sommaren er definitivt forbi!


Ingen kommentarer: