søndag 22. september 2013

Kyrkjebok og babysong

I dag var det hausttakkefest, og Lise skulle motta fireårsboka. Dette har dei øvd på, så det var ei knallklar, om enn beskjeden, jente som møtte opp i kyrkja litt før klokka eitt.



Dei ni fireåringane gjekk inn i prosesjon, og sette frå seg blomane dei hadde med seg i ein vase ved altarringen. Seinare i gudstenesta deltok dei med song, og så fekk dei altså fireårsboka. Personleg tykkjer eg boka er veldig fin, og det tykte heilt klart Lise også. Den er allereie teken i bruk som høgtlesingsbok og songbok både i sofaen og på sengekanten!


Mot slutten av gudstenesta var det Signe og hennar vener sin tur til å delta. Det vart presentert litt av opplegget på babysong, og Signe deltok med iver og glede. Dette var jo kjente songar, og forventningen stod skrive i ansiktet då dei begynte å synge bom-chicka-bom... Det er fint at dei aller minste også kan få delta i gudstenesta med sine ting!



Ingen kommentarer: