mandag 2. september 2013

Sarkasme i anmarsj

Morgonen er ikkje mitt sterkaste tidspunkt på dagen, det må innrømmast. I dag tidleg klarte eg likevel å snappe opp denne dialogen mellom to noko meir vakne individ:

Jens tek kaviar frå tube. Lise strekkjer hals og ser på.
Lise: Det er nok, Jens! (Ehmm kremt... den har ho nok snappa opp frå anna hald enn seg sjølv...)
Jens: Ja, men eg ville lage ein slik S!
Lise: Men du har ikkje lov til det, Jens!
Jens: Ka ska du gjere med det då? Ringe til politiet?
Lise, mumlande: Ja, eg skal ringe til politiet. For du har ikkje lov.

Litt seinare.

Jens: Lise, har du teke den andre vitaminen din også?
Lise: Nei, eg ha'kje det.
Jens: Men du sa jo at du skulle?
Lise: Ja?!? ... Og eg sa at eg skulle ringe til politiet. (Tilføyd som ein roleg saksopplysning...)

Eg anar at nokon er i ferd med å utvikle ein noko sarkastisk natur, som i stor grad kjem til å ramme regelryttarar og andre lette skotoffer...

Eit anna bilete frå ettermiddagen:

Mamma, Jens og Lise spelar "Med nebb og klør", eit kunnskapsspel med artige brikker og flott spelebrett. Spørsmåla er av ein slik art at også Lise kan vere med, og faktisk har ho vunne eit par gongar. Så dette er kjekt! Så oppdagar Lise at viss ho hamnar på dei rosa felta med pote på, får ho trekke eit bilete av eit dyr som ho skal dramatisere. Ho vert begeistra, for ho har gjerne lyst til å vere dyr! Det er berre eit problem... Ho hamnar ikkje på rosa felt. O bitter pine...

Etter å ha vore på barnetrim i gymsalen, er det tid for kveldsmat og leggjetid. Før ho går på badet, vil ho gjerne gjere berre ein pitteliten ting... om ho ikkje kan få trekke eit dyrekort og vere eit dyr som vi skal gjette?

Og det er det sjølvsagt klart at ho kan. Dermed opnar ho eit kort forsiktig, kikkar på det og smiler lurt, før ho går ut på golvet, bøyer seg fram og begynner å gå rundt på alle fire. Ikkje noko meir, berre vandrar rundt og rundt på fire bein. Nina og eg gjettar for harde livet, og går gjennom heile lista med firbeinte dyr vi kan komme på. Men nei, vi klarar det ikkje.

Nina: Kan dette dyret gjere noko meir, då?
Lise: Ja!

Så begynner ho å gå baklengs... og dansar litt medan ho gjer det... Det er eit syn av dei sjeldne, og det er vanskeleg ikkje å le. Men det kan vi sjølvsagt ikkje gjere midt i ein alvorleg gjettekonkurranse. Nina spør om dyret kan lage lyd, og Lise begynner å ule mot månen. Ulv!

Viss nokon ser ein pitteliten, baklengsdansande ulv nokon gong, så veit de i alle fall kven som kan utføre ein perfekt imitasjon når det trengst!

Etter at ho var ferdig på badet, ville ho vere eit dyr til. Sjiraffen var like vanskeleg å gjennomskode, det må innrømmast, men skodespelaren sjølv gjekk ned med flagget til topps og eit smil om munnen!


Ingen kommentarer: