søndag 8. september 2013

Turfantar på Hegreheia!

Så nådde vi målet i år også: vi vart turfantar! (utanom pappa i huset då, han har ikkje gått Erøy rundt endå... Men det skal gjerast om ikkje så lenge!) I går gjekk vi på Hegreheia, og hadde godt turfølgje med oss:


Som vanleg var Jens den mest energiske av oss, og langa i veg oppover. Dermed vart det også ein del ventetid. Ein del tre langs stien fekk eit litt bråare møte med hausten og bladfelling enn dei hadde tenkt...


Her klatrar han på den gigantiske steinen som raste ned rett ved stien i vinter:


Fin utsikt på veg opp!


... og flotte haustfargar langs stien. Røsslyng:


Det er rimeleg bratt enkelte stader. Dei minste beina var ganske slitne då vi endeleg kom til toppen!


Og andre bein vart mykje våtare enn det som godt er... Det er ikkje berre lett å krysse bekkar som er fylt til randen med regn etter tordenvér... 


Også opp mot Hegreheia veks det sopp. Mange ulike sortar på bakken, og så desse som veks på trea, og som nok er dei mest spennande. Mest fordi dei er så gode å ta på!


Turbensin:


Signe fekk mat på veg opp, og pausen vart brukt til leik. Jens klatra i tre:


... og Lise og Victoria leikte gøymsel:


Som sagt, upåklageleg utsikt!


Så nådde vi endeleg toppen, og kunne skrive namna i boka.


Andre strevarar på heia. Ein død larve er sikkert mat til mange!


For slitne bein, både små og store, var det herleg å ta seg ein matpause.


På veg ned att sit Signe ei stund på hos mamma, og et nista si medan dei går...


Vi valte ein annan veg ned att, sidan bekken var så stor. Trass i noko usikre stifinnarar, kom vi oss heile ned att, og på riktig plass!

I dag har vi vore på Betel på storsamling. Det er alltid oppmuntrande å samlast med heile "storfamilien"!


For første gong fekk eg prøve ut den nye lydpulten på denne type møte. Saman med Jonas (som styrte lyden) og med ei ryddig køyreliste frå Berit gjekk det heile finfint!



Dette har vore ei verkeleg aktiv helg! I går kveld var det KRIK i gymsalen, og eg hadde andakt. Viss du ynskjer å lese andakten, finn du den her: Sprettstein: Tru, håp og kjærleik.


Ikkje farleg å arrangere KRIK-samling med ein slik aktiv og herleg gjeng!

Ingen kommentarer: