søndag 27. oktober 2013

Fly og lukkeleg fiskar

Søndag for ei veke sidan var vi på kino og såg filmen "Fly". Den slo veldig godt an, i alle fall hos våre to kinogjengarar, og det har blitt snakka ein del om Dusty og dei andre i løpet av veka...


Då passa det svært godt at dei er med i Disney-bokklubben, som kjem ut med kanskje ei ny bok i året... Og i år var det nettopp boka Fly! Det er alltid lydbok inkludert, og vi har høyrt forteljinga summe i bakgrunnen ganske mange gongar dei siste dagane...


Her sit dei og høyrer saman med nabogutane.

Tidlegare i veka var det utdeling av premiar for fotball, turfant og springekarusellane. Blant nutfantane vart det trekt ut to stykk som fekk eit gåvekort frå MX Sport på Sand, og Lise var ein av dei to heldige! Dermed durte vi til Sand i går, og målet var rimeleg klart: Ho ville ha fiskestong!


Ho har jo vore med på fisketur før, men har aldri kunne fiske sjølv, i alle fall ikkje heilt på ekte. Men no vert det vel ei endring på det!


Ingen kommentarer: