lørdag 12. oktober 2013

Haustferie!

I tillegg til ein god del timar på "kontoret" (altså kjøkkenbordet), der eg har prøvd å komme litt meir a jour når det gjeld prøvebunkane i løpet av ferien, har vi også drive tida med meir sosiale sysler. Eg har ingen bilete frå rettinga av naturfagprøven, men alle veit vel korleis ein prøve ser ut... Derimot har vi vore meir aktive med apparatet til andre tider, og her er nokre glimt frå ei fin ferieveke:


Førre helg hadde vi besøk av farmor og farfar. Over spelar vi 'bonus', under er vi på veg til søndagsmøte på Betel.


Vi rakk også ein tur til Sand på kino!


Den nye filmen om Albert Åberg ("Hokus pokus Albert Åberg") slo godt an hos både Lise og Jens. Det er ikkje ein heseblesande film, ikkje på nokon som helst måte, så etter litt over ein time med sakte-tv var pappaen litt gåen... men så lenge dei små er fornøgd, så skal ikkje eg seie noko meir!


Måndag og tysdag var rolege heimedagar, med blant anna ein tur på helsestasjonen med halvtårskontroll for Signe. Der var alt berre velstand. Onsdag pakka vi i bilen og køyrde til Bømlo.


Med godt vér og plommer på treet og lauv på bakken, vart det litt uteliv der. Og pappaen tok seg ein tur i hagen med fotoapparatet...



Slikt kan ein altså fortsatt finne, midt i oktober!


Og slikt...:





Den store store hobbyen for tida er perling. Perling opp og i mente! Før vi for til Bømlo var vi på bokhandelen og etterfylte med somme fargar i boksen, og eit par nye brett. Får eg ånda over meg ein dag, skal eg vise fram ein del av dei kunstverka som har dukka opp i heimen dei siste vekene. 


Sidan dette kunstverket gjekk rett tilbake i boksen, og difor står i fare for å bli gløymt av verda (eit utruleg tap!), viser eg det fram med ein gong:


Så kom torsdagen, og med den kom sola for fullt.


Vi køyrde til Stord og besøkte Annbjørg og co, og følte oss veldig velkomne der! Stor gatekunst, som faktisk var så stor at eg ikkje fekk heile inn på eit bilde:


Grilling på terrassen og stor trampoline i hagen. Ein heil ettermiddag i hyggeleg selskap og godt vér!





På veg tilbake til Bømlo fanga Nina ein del vakre motiv då vi køyrde over dei to bruene i trekantsambandet:




Vi var særleg godt fornøgde med det siste bildet, og eg lovte å presisere (så eg seier det ein gong til) at det var Nina som tok desse bildene!

Fredag, og meir hagearbeid...


Om ettermiddagen besøkte vi Lars og Ronny på Moster. Der klumpa vi oss saman på rommet til Lars, og kosa oss med bilbane, byggesett og barnemusikk!


For Jens og Lise sin del var det veldig gøy å vere der, og ekstra kjekt at Lars delte leikene sine med eit smil. Ho er nok heldig, veslesøstra som kjem ut av magen seinare i vinter, viss han fortset på det viset!

I dag køyrde vi heim att. I strålande sol. Og med tre sovande barn i baksetet, utslitne etter ei innhaldsrik haustferieveke...

Dette bildet tok eg på ferja over til Sand, og her kjem ei lita "bonusoppgåve": Klarar du å sjå han/ho som kjem svevande mot ferja i hang-glider? Litt sånn "hvor er Willy"...


1 kommentar:

Familien Ohma sa...

eg ser han mange plassar, men kanskje det er skjermen min som er skitten?? fine bilder! eg lurer på om de kan sende meg bilder av barna, og då særlig Signe( sidan ho nok har forandra seg mest sidan sist..) (framsida altså) God søndag!