søndag 10. november 2013

Farsdag på Klokkåsen

Det er ikkje lett å bere på store løyndomar. Torsdag hadde Lise med seg dette hjartet heim frå barnehagen, og det har gått tre ulidelege dagar før ho fekk moglegheit til å gje det frå seg. Eg har ikkje sett det før, men eg har fått så pass mange hint at eg ante kva som kom... Nei, det er ikkje lett å halde slike store ting inne!


Og det er eit fantastisk fint kort, så eg kan jo forstå det!

Saman med kortet fekk eg denne flotte gåva. Eit lerret med påtrykte handavtrykk. Jens sitt underst i gult, Lise i midten i oransje og Signe på toppen i raudt:


Så kan de jo gjette kva slikt gjer med eit farshjarte!

Farsdagen har vi feira med familietur til Klokkåsen. 


Véret i dag har vore fantastisk fint, og alt låg til rette for tur! Vi kom litt seint i gong, og fekk difor med oss solnedgongen medan vi var på toppen. Og vi klagar ikkje på det...


Skrive namna i boka høyrer med. Tur nummer to i det nye turfantåret.


Signe er etterkvart ein erfaren "fjellvandrar" - ho har nokre turar på ryggen, bokstavleg tala...


Så gjekk vi fram på kanten for å sjå på utsikta. Fri sikt heile vegen heim!






Når vi hadde sett sola vel ned bak fjella, snudde vi og gjekk ned att. Eit par bilete av små menneske i stor skog:



Snøen har heldigvis ikkje kome heilt ned til oss endå, men det er mykje som tyder på at vi snart må leggje på piggdekk. Snø på toppen av Osberg:


Så kjem vi ut av skogen att...


... og kan sjå over ekrene og heimover:


I løpet av dei siste hundre metrane heim vart det ganske så mørkt. Det er vel dette vi kallar iskald berekning?



Ingen kommentarer: