onsdag 13. november 2013

Julegåveweekend i retrospektiv

Det er ikkje alltid ting går like fort, og av og til er kvardagene så travle at ein rett og slett ikkje rekk over alt ein vil ha gjort. Slik har det vore den siste veka, og eg kom aldri så langt at eg viste fram bilete frå julegåveweekenden på Solgry førre helg. Det har eg gjerne lyst å gjere, for leir er heilt supert, og kanskje nokon kan finne inspirasjon til å sende borna på leir sjølv?

Ankomst Solgry; to superklare leirdeltakarar:


Samling om kvelden, med påfylgjande leiking. 30-leiken er ein morsom aktivitet, men det vart litt seint for Lise etterkvart. Ho måtte gje seg halvvegs... 


Sein kveld, men spretten og klar for ny leirdag tidleg neste morgon!:


Véret var ei blanding av nesten blå himmel...


... og ein del regnbyger


Heldigvis hadde vi nok opphaldsvér til å kunne vere mykje ute, og vi hadde sjølvsagt også med oss regnklede som måtte takast i bruk om søndagen. Då var det ikkje så mange avbrot i regnvéret...


Trampolina var eit trekkplaster for nokon, andre satsa meir på fotball.


Og sykling på go-cartbanen var populært, no som tidlegare!


Denne leiren var ein julegåveweekend, og då høyrer det naturleg med at ein skal lage litt julegåver. Våre to sette også ivrig i gong med det, sjølv om det kanskje vart meir kjeks enn pussepapir på enkelte...


... likevel enda dei opp med greie resultat begge to, og no ligg to julegåver klar. Utan at eg skal røpe kven dei er til...


Når det er leir, er møter ein naturleg del av opplegget. Temaet for leiren var "Ingenting er umulig for Gud", og dei fekk høyre historia om Maria og Sakarja som begge fekk besøk av ein engel, om dei fire spedalske utanfor byporten under beleiringa av Jerusalem, om Maria som salva Jesu hovud og om den bortkomne sonen. Og sjølvsagt var det mykje sang!


Og laurdagskvelden var det kosekveld, med underhaldning regissert og leia av dei yngste leiarane. Mesteparten falt godt i smak hos dei små!


Søndag kunne dei velje mellom ulike aktivitetar. Her er Lise med på bro, bro, brille:


Ho vart svært taus og tenksam då ho vart fanga i gryta, men dei klarte å få ut av ho eit svar til slutt... Ikkje alltid enkelt å vere minst!


Jens og Steffen brukte mykje av leiketida si i ballbingen:


...og Lise hoppa av bro, bro, brille og sette seg heller ved eit bord og teikna...


Noko av det siste som hendte på leiren, før middag og avreise, var framvisning av Jarle Waldemar sin musikkvideo "Kongens by". Ein fin julesong. Vil du sjå den, kan du finne den her.


Så reiste vi heim. Ei leirhelg går altfor fort, men heldigvis har vi med oss minnene vidare. Og blant anna dette lyset som Jens malte på juleverkstaden.


No er det berre eit år til neste julegåveweekend. Vi har begynt å glede oss!

Ingen kommentarer: