søndag 17. november 2013

KRIK cup&konsert 2013

I helga har eg vore på Vikeså saman med Øyvind og elleve ungdomar. Der var det cuphelg med konsertar og møter, og tradisjonen tru hølja regnet ned medan vi køyrde nedover (og fortsette heile fredagskvelden og mesteparten av laurdagen...) På ferjekaia på Nesvik:


Sjefen sjølv, Børge Vassbø, opnar helga, og fotballspelar Steffen Hagen får æra av å sparke den første konserten i gong.


Rush of Fools heitte det første bandet, og spelte syngbar lovsangsrock:



Etter ein pause var det Hawk Nelson sin tur. Litt pønk, litt rock, litt lovsang, i skjønn forening. Høgdepunktet i konserten var då dei spelte songen A Love Unbreakable - ein splitter ny song, og ein god ein også, som vi var dei første til å høyre. Det var jo litt stilig!



Mykje trøkk og fart på ein god del av songane:


Så kom natta, og vi overnatta i ein barnehage eit lite stykke unna. Tidleg neste morgon, med tåka tungt nedover fjella, gjekk ein ikkje heilt morgonfrisk gjeng til bilane. Vi skulle i hallen for å knuse alle dei andre laga i fotball.


Det starta svært godt, med siger i den første kampen. Andre kampen enda uavgjort, men dei var svært nære å score, og vi var fortsatt optimistiske...


... dessverre rakna det i tredje og fjerde kamp, og to tap vart eit for mykje til å kunne gå vidare frå gruppespelet. I og for seg leit, men på den lyse sida stod vi no fritt til å reise frå cupen når vi ville på søndag!...

Etter at vi var ferdige med gruppespelet, gjekk nokre av oss på U16-møte i samfunnshuset. Songar, konkurransar, andakt og vitnesbyrd/"praktisk livsopplæring" stod på programmet.


Tradisjonen tru (det er utruleg kor raskt noko kan bli tradisjon, med tanke på at dette er andre gong vi deltek på cupen...) køyrde vi til Egersund om ettermiddagen. Ungdomane shoppa, medan Øyvind og eg fann oss eit behageleg bord, der vi åt lunsj og prata heilt til ungdommane var klare til å reise tilbake. Eg kunne lagt ut bilde av Øyvind som et lunsj, men vel heller å leggje ut dette frå rett utanfor senteret... (Vel bekomme, Øyvind!)


Tilbake på Vikeså var det endå nokre timar att til kveldsprogrammet starta. Ein heil del av ungdommane våre, særleg dei frå Suldal, slo seg ned i kjellarstova på samfunnshuset, der dei spelte brettspel, kasta dartpil (i eintal) og konkurrerte i diverse xbox-spel. Og eg? Eg sat godt og bekvemt i ein stol og las i boka mi (eller "passa på ungdommane", som det også heiter).

Kvelden bestod av fire store hendingar - arrangørane hadde verkeleg toppa arrangementslista laurdag! Først kveldsmøte med ein kjempebra andakt av Kristian Landro - ein fabelaktig formidlar til ungdom! Etterpå var det konsert med gruppa Sarepta frå Karmøy, eit band med musikk som vel må klassifiserast som tungrock eller i nærleiken av heavy metal.


Etterfulgt av Downhere. Denne gruppa har eigentleg lagt opp, og har ikkje spelt saman sidan februar. Men KRIK Bjerkreim klarte å lokke dei over atlanteren for å spele for oss. Fantastisk!


Frontfiguren i Downhere, Marc Martel, er blant anna også vokalist i prosjektet Queen Extravaganza, og har ei fantastisk stemme. For deg som ikkje har oppdaga Downhere endå... - gjer det!


Høgdepunktet i konserten (for meg...) var då dei framførte den kjente DC Talk-songen Jesus Freak. Med seg på piano hadde dei ingen ringare enn Mark Heimermann - mannen som har produserte både Downhere og DC Talk sine plater! Når dei song den, var det som ein fusjon av ungdomstida mi og den musikken eg høyrer på no - DC Talk då og Downhere no!



Siste post på programmet laurdag var illusjonistshow med Ruben Gaszki. 


Det er heilt utruleg kva den mannen kan få oss til å tru, og korleis han klarar å lure oss trill rundt! Han er heller ikkje så dårleg på sjonglering...


Med humor og eit stødig smil leier han oss gjennom ein god time med god underhaldning. Absolutt eitt av høgdepunkta i helga!


I dag tidleg vakna vi opp til, tradisjonen tru (...), blå himmel! Vi har ein teori om at det er slik véret alltid er på Vikeså: Regn og surt om fredagar og laurdagar, og sol og opphald om søndagar. Greit å vite, så veit vi kva skal førebu oss på til neste år...


I hallen var åttandedelsfinalane godt i gong, og vi tok oss tid til å sjå litt på dei...


... før nytt U16-møte, i dag med Ruben Gaszki. Han snakka om korleis vi kan påverka andre med måten vi oppfører oss på og orda vi seier, og gav oss oppskrifta på lykke: å smile! Mannen har studert mykje psykologi, og delte med ungdommane mange lure tips til korleis ein kan gjere kvardagen betre for seg sjølv og andre. Iblanda ein del trylletriks.


Så køyrde vi heimover. Her står vi på ferjekaia på Hjelmeland, og får bekrefta det vi alltid har visst - at skatten er på nordsida av Jøsenfjorden... der ein blir møtt med eit fryderop ("der kjem jo pappa!") og andre som roper glade og ivrige lydar frå under stuebordet - veiftar med armane og smiler! Å, det er godt å komme heim!


Ingen kommentarer: