onsdag 31. desember 2014

Heilt på tampen

 Nokre bilder frå dei siste dagane i 2014. Eitt stikkord har prega dagane: snø!


I går var vi på ake- og grillebesøk hos Vassbøs:





Kø i kjelkehoppbakken:


Det lengste svevet, godt over tre meter:


Signe har eit elsk/frykt forhold til kattar. Dei er stor stas, og ho lokkar dei gjerne til seg, men kjem dei for nærme er dei "fali! FALI!" Alt går greit så lenge pusen ligg på stolen...:


I ettermiddag var vi på nyttårsselskap hos Nese. Åtte ungar som sprang rundt og laga lyd, god mat, koseleg selskap og ei fin avslutning på året!

Her er det farfar og Dagfinn som diskuterer linefiske:


Mange kokkar i Lea og Matilde sin nye kjøkkenkrok:


Så var vi ute og lyste litt opp i kvelden.







Og når alle stjerneskota var snurra, Nese sine 35 smell var unnagjort og marshmellow grilla, gjekk vi inn att til dessert. Og no, nokre timar seinare, søv nok dei fleste små. Så spørs det om dei søv over dei store smella om nokre minutt...



Godt nyttår!

mandag 29. desember 2014

Winter wonderland

Det har ikkje akkurat vore typisk julevér dei siste dagane (altså regn og evt. slaps...) I staden har snøen lagt seg som eit teppe over landskapet, og kulda har holdt snøkrystallane i sjakk. Dermed kan vi nyte fine vinterbilder ut stovevindauga, og glede oss over herleg snø å leike oss i ute!




Signe fekk trehjulssykkel til jul, og den er utstyrt med eit hendig handtak på ei stang bak, som vi vaksne kan halde i. Dermed kan ho sykle på tur, endå ho ikkje når trøene skikkeleg endå...



Det er vakkert med vinter!



Ei som ikkje er like begeistra for snøen:


Den sosiale trongen er likevel noko sterkare enn den djupe forakta for alt som er kaldt og kvitt...


Til slutt vert det likevel nok.


Best å halde seg der verda er slik den bør vere!


Og så ei som har det stikk motsett. Signe elskar snøen! Ho har jo knapt sett det før - ifjor vinter var ikkje akkurat eit godt år for å utvikle venskap med snøen... Så no prøvar vi å ta att det tapte, og i ettermiddag gjorde vi det på akebrett. Pappa var hest i enden av snora, og løypa gjekk for det meste rundt og rundt på plenen. Frydefulle rop når farten var stor, og nynning og småprating stort sett heile vegen elles...




Og så er det sjølvsagt greit å prøve seg litt på eigne bein. Fantastisk med ekte vinter for nokre dagar!


fredag 26. desember 2014

God jul!

Ei koseleg julehelg ligg bak oss. Det er godt å kunne ta fri frå jobben og bruke tida saman med familien. Kose oss saman, ete god mat og feire verdas største bursdag!

I år bygde vi pepperkakehus bitteveslejulafta. Det var stas for Lise å vere med og pynte det, og seigmennene fekk ligge på taket og sole seg!


Medan andre (les mamma) er meir opptekne av mønster...


Slik såg Lise si side ut då ho var ferdig:


Huset fekk ikkje stå så lenge. Tysdag kom mormor og morfar på besøk, og dei var hos oss i jula. Pepperkakehuset vart dessert etter den tradisjonelle veslejulaftagrauten.


Same kveld tok vi inn juletreet, og pynta det. Juletreet er eit kristent symbol, som har blitt brukt i fleire hundre år. I starten var det helst i kyrkjer og forsamlingshus ein tok inn treet, men etter kvart vart det vanleg også i heimane. På slutten av attenhundretalet vart luthersk kristendom kalla for "juletrereligionen" (i katolske kyrkjer hadde dei julekrubber, som no også er blitt vanleg i lutherske samanhengar. Det er då også eit noko tydelegare symbol. Det er nok ganske mange som feirar jul i våre dagar utan å vite at juletreet er eit symbol på Jesus!) Symbolikken i treet er veldig fin. Det eviggrøne treet, som vert teken ut av sin samanheng (slik Gud kom inn i verda). Stjerna i toppen, som symboliserer Jesu fødsel, og juletrefoten, som opprinneleg var forma som eit kors, symboliserer Jesu død. Dei to finaste symbola vi heng på treet, etter mi meining, er julekulene, som symboliserer to ting. Opprinneleg var dei raude, som epler, og skulle minne oss om livets tre og syndefallet. Det er ein grunn til at Gud kom inn i verda! I dag symboliserer kulene vel like mykje jordkloden, og minner oss på at Jesus kom for heile verda. Det same gjeld flagglenka, som innheld flagg frå heile verda. Det er ikkje berre i Noreg vi feirar Jesu fødsel!


Og så er det gåvene... Når alle pakkane var delt ut, skulle det stå berre ein ting att under treet: Juletrefoten, forma som eit kors, og den skulle minne om den største gåva av alle.

Julafta er stas for både store og små. Godt pinnekjøt og julebrus, og som det vel alltid har vore: ungar som syns måltidet går altfor seint... 

Sidan eg alt har skrive mykje om symbolikk, får eg bruke eit bilde som symbol vidare også... Dette bildet, som viser eit spel Jens og Lise fekk til jul frå syskenbarna i Peru, står for både julegåvene, og at vi har spelt mykje spel i jula!


Og så kom 2. juledag. Mormor og morfar reiste heim i formiddag, og trur du ikkje dei tok med seg Jens og Lise! No skal dei vere der og feriere litt i helga, og kjem att rett over helga. I mens er vi tre andre igjen her heime og ser på snøen som har lagt seg som eit teppe ute.


Og småfuglane fekk selskap ei stund. Vi kunne jo ikkje berre sitje inne og sjå! Så tunet vart måka, og Signe fekk ake på akebrett. Her har ho på seg den nye hua ho fekk av farmor og farfar til jul.


mandag 22. desember 2014

Siste førjulsveka...

Ei travel siste skuleveke er unnagjort, og den etterlengta juleferien har starta! Først nokre glimt tilbake på veka som har gått. Førre søndag diska Musfrid opp med juleband, og det var duka for å gjere ferdig dei siste julepakkane som skulle sendast med posten.


Same dag var Lise i bursdagsselskap hos Malin. Eit bilde eg følte fanga stemninga...: 


Måndag henta vi (Musfrid) fram att julefilmen med kirkerottene. 


Løysinga viss ein må på do, men ikkje vil sleppe den brennande veden i omnen av syne...


Tysdag: Spele tiarvennspelet (Gubben og katten).


...og gå på julefest på skulen om kvelden. Som vanleg ein kjekk kveld, og elevane hadde i år laga mange av innslaga sjølve. Og så var det sjølvsagt fint å høyre koret:


Og ekstra kjekt å sjå Jens i aksjon på scena, saman med fleire andre i 3.- og 4. klasse:


Onsdag morgon sat Musfrid i kjøleskapet, med pepperkakedeig!



For Signe sin del var det vel meir snakk om smakedag enn bakedag... Og så hadde vi besøk, frå barnehagen! Den vesle musa, som kvar dag er med nokon heim, var denne dagen med Lise. Saman med musa følgde det ei bok, der vi skreiv inn alt det musa fekk vere med på denne dagen. Det vart sjølvsagt nemnt at ho vart kjent med Musfrid...


Vi fortsatte bakinga på torsdagen, men då var det gjærbakst som stod på menyen.


Dermed vart det kveldsmat med ferske rundstykker!


Også fredag ettermiddag vart sett av til julebakst. Musfrid hadde funne seg ein god gøymeplass, men vart oppdaga!


Det vart ho også laurdag og søndag morgon, og begge dagar hadde ho gode filmforslag; Mikke Mus den eine dagen, og Gus og Jack (i Askepott) den andre. Anar vi at ho har nokre klare preferansar når det gjeld film?



Søndag, etter å blant anna ha sett Askepott, pynta vi oss og køyrde til Jøsenfjorden. Koret var invitert til å synge på juletrefesten, og det var eit fint, lite kor som deltok med song i starten av festen!


Det vart ein koseleg ettermiddag i Jøsenfjorden. Akkurat passe uformell stil, og artige aktivitetar for borna.


Gang rundt juletreet:


God mat:


...og sjølvsagt... julenissen! Ikkje like diskrét som gode St.Nicholas, men gåvene (klementiner) han hadde med seg, var kjærkomne blant dei minste! Han var litt skummel for Signe, men det gjekk godt så lenge ho kunne halde seg på passe lang avstand...


Så slukte vi dei fleste lysa, slik at det stod att levande lys, juletrelyset og lyset bak korset, og sang Deilig er jorden. God julestemning!