onsdag 29. januar 2014

Prosjekt vindfang

Det er nok ganske mange som skulle ynskje å "fange vinden" no om dagen, utan at vi skal ta symbolbruken så altfor langt her...  Nokon her i huset har i alle fall sett seg føre å endre fargen i vindfanget vårt, og har sett i gong med friskt mot.


Heftgrunn til sikringsskapet:



Og fargen "Kalk" blir rulla over tapeten med det som i alle fall ser ut som stødig hand.




Til slutt eit koseleg bilde frå nokre dagar sidan. I starten måtte vi lokke henne med oss opp til matskåla kvar dag, men etter ganske kort tid har ho forstått kva som er hennar nye territorium!


søndag 5. januar 2014

Ein dag (nesten) utan regn...

Dei siste vekene har det regna... eller blese... eller både regna og blese... og turskoa har stått på hylla i lengre tid. At vi har vore gjennom to veker med julegodt gjer ikkje saka betre. Så i dag, første søndag i januar og første dag på lenge utan regn, tok Dagfinn initiativ til ein liten fjelltur. Vi ville begynne forsiktig, og tok sikte på Klokkåsen. Etter at vi flytta, har den kome endå nærmare. No finst det nesten ingen unnskyldningar for å ikkje gå dit...


Borna la i veg med friskt mot. Fjellgeiter!


Nummer 67 - 73 på Klokkåsen sidan oktober.


Sjølv om eg har vore på Klokkåsen mange gongar, har eg endå ikkje vore heilt ute på utkikksplassen. Den kan sjåast frå "låglandet". Heile klokkåsen:


Toppen:


Og her er utkikksplassen:


Derifrå ser Stølane slik ut:


Heile Erøy:


Utover Bogsfjorden:


Forbi Erøy og utover:


Så gjekk vi ned att:



Vel nede - ute på ein litt annan slags tur. Sovetid!


Og vi andre, om vi ikkje sov, så gjekk vi i alle fall inn i ein tilstand som likna: Skiskyting, 2 x Tour de Ski-finalar og skiskyting endå ein gong... Ein stor sportsdag for Noreg, og ein god turdag for oss...

onsdag 1. januar 2014

Nytt kapittel

Då kan vi starte eit nytt kapittel, på så mange vis. Det er eit nytt år, med alt det inneber av gode forsett, tilbakeblikk og ynskjer for det som skal komme. Det er dessutan ei stund sidan eg har blogga her, og grunnen er ganske enkel. Eg har vore oppteken på anna hald... Vi har nemleg flytta, og kunne i år feire vår første jul i eige hus!


Sjølv om det no er nokre dagar sidan julafta, vil eg likevel vise eit par bilete. Først av treet, som Lise og eg var og kjøpte og var veldig fornøgde med:


Og eit bilete av julematen. Det har som vanleg vore mykje godt å ete i juleferien, og når vi kom til sjølve julehelga hadde vi flytta det aller meste inn i huset (sjølv om mykje var nedpakka i pappkasser, og fortsatt er det...) Dermed kunne vi slappe ekstra godt av i jula, og kvile ut etter mykje pakking, bæring og køyring.


Sjå denne flotte juleengelen som Lise har laga!


Vedovn er kjekt. For dei fleste kanskje ikkje så spesielt, men sidan vi ikkje har hatt det før...


Lise og Signe viser morfar rundt på det nye kjøkkenet:


Så kjem vi til nyttårshelga, og vi lagar nyttårsmat saman med borna. Her lagar vi iskrem. Jens vispa eggedosis og delte opp litt sjokolade. Lise delte opp sjokolade, hadde i blåbær og ikkje minst: snurra fløyten!


Kor i all verda...?


Nyttår feira vi saman med farmor og farfar og Dagfinn med familie. Koseleg middag og mykje smell! Litt før tida, men dog...



Moro med stjerneskot!




Etterpå gjekk vi inn og kosa oss med blant anna den sjølvsnurra isen og kransekake frå Marie Helgeland!


Seinare på kvelden spelar vi vaksne spel, medan vi ventar på at klokka skal bikke over til det nye året.


Og så... klokka 12 smeller det. Jens og Lise sov seg fint gjennom heile hurlumheien, men Signe vakna og trengte litt selskap. Så medan mamma og Signe feirar det nye året med tutt og roleg sang, prøver pappa å fange inn nokre lysglimt på himmelen:




2014 er i gang.Håpar det vert eit godt og velsigna år for deg!