mandag 3. februar 2014

Januar på innpust

Januar har gått som ein vind, og det er ganske mange ting og hendingar eg kunne skrive om her... som ikkje har blitt noko av. Difor kjem her ei lita oppsummering!


Vi gjekk inn i det nye året på ny adresse, og utsikta frå altanen vår ser no slik ut:


Ein god del meir enn det vi kunne sjå tidlegare, ja... Og som ein bonus, må vi vel seie, kan vi også sjå eit lite glimt av fjorden, mellom trea og huset til venstre på bildet. Altså her:


Spelekveld med Vassbøane er alltid kjekt. Og tidvis nervepirrande:...


Tur til Klokkåsen, med utsikt heilt heim! Fleire bilder frå turen her.


Det har vore mykje skyer og mykje vind i januar. Då er det viktig å hugse på at det har vore ein del av dette også:


"Verdas største dinosaur", teikna av Jens, heng no på arbeidsplassen min på skulen:


Lise har også vore i det retrospektive hjørnet, men har ikkje gått fullt så lang tilbake i tid. Til venstre på bildet har ho teikna mamma med Signe i magen!


Ei mjølketann down, for tida er det heile tre to go... her er det pengar å hente, sjølv om han for lengst har funne ut at tannfeen har lite med forvandlinga å gjere...


Fredagskos. Ost, kjeks, druer, salat og grønsaker med dip, og QuizDan på fjernsynet!


Eg vore i Sauda saman med elevane mine, der vi blant anna var på bedrifsbesøk på smelteverket:


... og på yrkesmesse i Saudahallen:


Der traff eg plutseleg på denne kjente og kjære karen! Preben fekk meg med på ein tippekonkurranse, men eg har ikkje høyrt noko i ettertid, så eg trur ikkje eg vann...


Du kan sjå fleire bilete frå Saudaturen her.

Dette er dessverre det næraste vi har vore is på fjorden i år:


Då er det godt å kunne varme seg inne i staden, kanskje på laurdagskafé på bedehuset! Signe rista iherdig på hovudet når eg rulla ut kvart einaste tombolalodd, og ho fekk sørgeleg rett... Men god mat var det, i alle fall!


Signe har også fått prøvd seg i bassenget for første gong. Stor stas i vatnet, svært lite stas i dusjen før og etter... 


No er februar godt i gang. Så får vi sjå kva denne månaden bringer!

Ingen kommentarer: