lørdag 15. februar 2014

Statkraftcupen 2014

Det har vore ein grå og mild dag i dag, med tidvis regn, så det passa eigentleg godt å trekke inn i Suldalshallen på Sand og spele/sjå på fotball!


Miniknottane i aksjon:



Det var mange lag med, og tribuna var fylt opp med foreldre og spelarar frå klokka 9 til 15.


Det passa seg slik at akkurat den timen det var kvinnestafett, var det pause mellom to av Jens sine kampar... Dermed passa det godt å finne seg ein storskjerm og heie skijentene fram!


Dessverre såg vi tendensen ganske raskt - det gjekk ikkje heilt Norge sin veg i dag... Men veldig kjekt at det var Sverige som vann, då!


Tilbake i hallen fann Lise ein haug med leikekameratar i eit hjørne, og kosa seg der resten av cupen...


... medan Jens og co fullførte siste kamp og kunne ta imot pokalar for innsatsen. Ein glad og fornøgd gjeng!


Medan Jens og Lise var på Sand, var Signe heime saman med mamma. Eg har dessverre ingen dagsferske bilete av henne, men dette to dagar gamle arkivbiletet er ganske illustrerande for kor vi har henne no - stort sett overalt!



Ingen kommentarer: