søndag 30. mars 2014

Første og siste skikarusell

Det har vore ein snodig vinter, med mykje vind og lite snø, både her i låglandet og på fjellet. Av den grunn vart alle dei vanlege skikarusellane avlyst. Det var rett og slett ikkje nok snø i lysløypa! Også no ligg løypa der nesten snøfri. Heldigvis er det meir snø litt lenger inn i Breiastølsdalen, og i dag arrangerte dei årets einaste skikarusell.


Skia har vel ikkje vore framme sidan november, og mine var vel ikkje framme då heller... Det var litt snodig å leite fram ski og leggje i bilen, medan sola skin, graset spirar og blomane har starta å bløme for fullt. Når vi kom opp og såg innover dalen, var det kanskje ikkje så merkeleg lenger...


Lise på sin runde i karusellen:


Jens ventar på tur. Frå første klasse og oppover gjekk dei på tid, og Jens si løype var ein kilometer lang.


Løypa starta i nedoverbakke, og Jens sklei så langt han kunne. Her er han nesten nede og skal til å begynne på den slakke oppoverbakken opp mot snupunktet.


Lise ville gå ein runde til... 


Flotte løyper og fint vér!


Også Signe fekk seg ein runde i løypa. På akebrett! Veldig stas så lenge det var i fart, veldig veldig kjedeleg med ein gong det stoppa litt...


Etterfulgt av aking i bakken. Kjekt!


Til slutt var vi fornøgde, og ikkje minst slitne, og køyrde ned i låglandet att. Der var det ikkje mange teikn til snø eller vinter...


Til slutt eit bilete av gårdagens prosjekt. Bokhylla i stova vart rydda og sett ut på altanen. Der fekk den seg ein omgang med kraftvask, for å få av luten, eit lag grunning og eit par strøk maling. Dermed vart den som ei ny hylle! Sidan vi ikkje hadde noko "før-bilde", søkte vi opp eit bilde av ei heilt lik hylle på internett. Det ser du til venstre, og vår eiga hylle til høgre:



torsdag 27. mars 2014

Små detaljar, store gleder

Livet er sett saman av ei rekke små og store hendingar. Nokre hugsar ein ei stund, andre hugsar ein for alltid. Dei langt fleste gløymer ein ut etter ei tid, same kor gjerne ein skulle ha hugsa alt som har skjedd. I alle fall skulle eg ynskje eg kunne hugse heilt detaljert korleis Jens og Lise var då dei var mindre. Det er godt vi har foto og video... Her er nokre kvardagsglimt frå den siste veka. Ting som kanskje ville blitt gløymt. No har eg det i alle fall på "papir".

I dag var absolutt siste babysongsamling for Signe. Det har vore kjekke samlingar, og ho har storkosa seg! Til hausten er den vesle jenta vår for stor...


Signe og Nina kom og henta meg på skulen, og så køyrde vi til barnehagen, der det i dag var Forutkafé. 


Lise fekk vere med å lage og steike lappar i dag. Andre lurar veldig på om dei er gode, og kor mange han får lov til å kjøpe...


Så skal energien brukast.


God utsikt ned til der det skjer!


Søndag var vi i kyrkja. Det obligatoriske på-veg-til-kyrkja-bildet:


Dåpsskulen deltok. Dei gjekk inn i prosesjon, og bar inn kvar sine ting som skulle brukast i Gudstenesta. I tillegg viste dei rørsler til fleire allsangar, som her: 


Dette hadde dei heilt tydeleg øvd på. Eit flott syn!

Det er fastetid, og Kirkens Nødhjelp har i år laga ei regnbogebøn og eit opplegg som kan brukast i denne tida. Fastebøssa ser ut som den såg ut då eg var liten. I tillegg kjem ei visualisering av regnbogebøna, i form av stearinlys. Dette syns vi var ein god idè, og har laga vår eigen versjon av lysa og ber bøna om kvelden. Regnbogen er eit symbol som er mykje brukt i kyrkja, og er eit symbol på Guds løfter og omsorg for oss menneske. Når vi ser regnbogen, kan vi tenkje på at Gud er glad i oss og bryr seg om oss! I fasteaksjonen går fokuset vidare ut til våre medmenneske; Når Gud viser omsorg for oss, kan vi vise omsorg vidare til menneske som er fattige eller vert undertrykte. Dette syns eg er eit fint fokus å ha i fastetida! (jfr Jes 58, 6-7)


Noko anna som har pynta opp stova vår dei siste dagane (men som no dessverre er visna og kasta ut...) Blomar Lise plukka i Vassbø sin hage på søndag:


Signe nyt sola og ventar på middag:


Det er mykje som kan gjerast på altanen...


Ser du kvistholet framfor sokken til Signe på bildet under? Det var heilt perfekt til å putte blyantar gjennom, viste det seg! Og storebror måtte springe og hente...


Apropos sokkar... Førre fredag var den internasjonale Downs syndrom-dagen, og her i huset gjekk vi med umake sokkar dei fleste av oss! Det er utruleg viktig med mangfald i samfunnet!


Og så ein link til ein annan blogg med eit heilt anna uttrykk: Antisort (Dikt skrive i anledning Downs syndrom-dagen)

søndag 23. mars 2014

KRIK og slikt

Ei samling med KRIK-ungdomane gir energi. Nok ein gong har vi tilbrakt ein kjekk laurdagskveld i gymsalen, og det går ikkje an å mislike ein slik gjeng:


Vi har teke nye bilete som skal inn på informasjonssidene til erfjord.net. Blant anna har vi skrive i ribbeveggen. Klarar du å lese kva som står?


Kiosk høyrer med: 


Deretter rigga vi opp volleyballnettet...


...og spelte - nokon med meir innsats enn andre!




Til slutt hadde vi konkurranse, der laga skulle skrive bokstavar med kroppane sine. Dei fekk tre minutt på seg, og det var om å gjere å komme lengst ut i alfabetet. Vinnarlaget (avbilda) kom heilt til X!


I andakten fortalte eg, godt hjelpt av dei andre leiarane, historia om den bortkomne sonen. Ynskjer du å lese det eg fortalte, finn du disposisjonen her.

Her heime har det også vore ein aktiv dag, i alle fall for Lise. Ho hadde besøk av to veninner, og medan dei var her, var Jens ute på besøk hos ein kamerat. Her høyrer jente lydbok (Frost).


Duplo er kjekt!


Vi avslutta dagen med sjokoladekake. Sjokoladekake til kvelds, spør du? Jada, det kjem berre an på kva som er inni! Kaka består av kun gode kjøkkenråvarer, og er nesten for helsekost å rekne. Mandlar, dadlar, egg, kakao...  og smaken var svært god. Så dette er eit tips til dei som vil avslutte dagen med kake - denne kan også etast på måndagar og torsdagar! Oppskrifta finn du her, på fraiva.no.


tirsdag 18. mars 2014

Det oppreiste mennesket

Kampen mot tyngdekrafta er ein livslang strid, og er vel aldri så tung som i den perioden der ein skal lære å stå oppreist for første gong. Signe kjempar tappert for tida, og denne dagen er vel ein førebels rekord når det gjeld talet på minutt i oppreist stilling.


Det er med skjelvande og noko usikre bein ho kjempar seg til å bli ståande etter å ha reist seg. Ho har slike antisklisokkar, men dei hindrar likevel ikkje heilt at beina sklir ut til sida. Så av og til kjem det nokre fortvilte rop om hjelp. Heldigvis er det lett å hjelpe henne opp att, for motivasjonen er på topp!

Noko lettare var det å reise seg opp ved badekaret i ettermiddag, utan sokkar eller andre ting som minka friksjonen. Og for ei glede å kunne reise seg sjølv, og kikke opp i badekaret til storesyster utan hjelp av nokon vaksne!


Ikkje lenge etterpå sat ho sjølv i karet, og det er også ei stor glede. Som regel av slike dimensjonar at mamma og pappa, på utsida av karet, er nesten like våte som dei som sit oppi...

søndag 16. mars 2014

Familieleir på Stemnestaden

Dei to siste dagane har vi vore på leir på Stemnestaden på Grinde. Med litt guidehjelp fann vi fram til rett plass, og kunne bruke helga til å vere sosiale, ete god mat og delta på gode møter og samlingar.


Deltakarane kom frå heile Suldal, og med smått og stort var vi nærare 120 personar til stades.  


Den store attraksjonen for Lise var karusellen. Ho snakka mykje om den, og den mista ikkje glansen etter å ha blitt prøvd heller. Dessverre var det mykje regn i helga, så det var ikkje alltid så fristande å gå ut og leike. Men laurdags morgon var det blå himmel og sol eit par timar, og då gjaldt det å benytte sjansen!


Medan det var møte for oss vaksne, førebudde dei ulike barnegruppene gudstenesta som var i føremiddag. Blant anna baka dei nattverdbrød, øvde på songar, laga palmegreiner og øvde inn dramatisering av Jesu inntog i Jerusalem. 


Laurdag ettermiddag var det eit stort ope hol i programmet, der det var lagt opp til at vi kunne velje blant ei rekke aktivitetar. Det vart mellom anna arrangert fjelltur, klatring i klatrevegg og svømming i svømmehall. I det vi nemnde Leos leikeland som eit alternativ, bleikna midlertid alt anna. Valet var visst rimeleg enkelt!


Lise i den store sklia:


Også for slike som Signe har dei eit godt tilbod, med ei eiga, avgrensa avdeling i leikelandet. Her er alt ekstra mjukt - til og med legoklossane er mjuke... Og Signe storkosa seg!


Det var litt nifst i ballbingen til å begynne med, men når ho berre fekk sjekka ut akkurat kor mamma var, så vart det litt greiare. Ho brukte mesteparten av tida i bingen til å rekke ballar opp til mamma...


Heime att på Stemnestaden var det leirkveld og kveldssamling, og i dag tidleg var det gudsteneste med påskevandring før vi pakka og køyrde heim att.

Det skal gå lett å la ein slik familieleir bli ein årleg tradisjon...