søndag 9. mars 2014

Ode til ein pennetrykkar

Utsikt frå altanen i dag tidleg:


Flott morgonlys!


Vi åt frukost og rakk ikkje så mykje meir, før vi måtte setje oss i bilen og dure av garde. Vi skulle nemleg på gudsteneste i Suldal kyrkje. Signe og resten av babysong-gjengen skulle vere med i møtet, men utruleg nok var ho ikkje så veldig nervøs i forkant...


Kjekt å få vere med og vise fram litt av det mangslungne barnearbeidet i kyrkja i Suldal, og veldig kjekt at alle aldersgrupper kan få bidra med sine ting i gudstenesta!


Vel heime att leika eg fuglefotograf nokre minutt.  Her er resultatet:


Den nye fuglemataren heng på altanen. Koseleg å kunne sitje og sjå på småfuglane!


Så var det den kjære pennetrykkaren vår... Det er ikkje alltid så veldig greit å skulle skifte bleie, eller klede, eller andre naudsynte ting som krev at ein blir teken vekk frå leiken og lagt på stellebordet. Særleg ikkje viss ein er litt trøytt i tillegg. Då rasar verda litt saman. Heldigvis finst det medisin...


Ein penn i handa, og verda fell tilbake på plass! Viss du lurar på kor lenge det går an å liggje på stellebordet og trykke ein penn av og på, er du hjarteleg velkommen til å stikke innom med stoppeklokke (og ta gjerne med ei god bok og noko å bite i, for du vert nok sitjande lenge...) Viss du ikkje har stoppeklokke, kan du heller telje strekane som etterkvart dukkar opp på lår og kne. Dei er også ein god indikator!


Det siste bildet er eigentleg ein liten teaser. Eit lite glimt av siste kveldsprosjekt her hos oss. Vi kjem tilbake med fleire bilete når det er heilt i hamn! 

1 kommentar:

carol l mckenna sa...

Fascinating photography ~ very creative for OWT ~ thanks, xxx

artmusedog and carol