onsdag 12. mars 2014

Sesongstart

I går "prøvekøyrde" vi den nye altanen på skikkeleg. Vi har sjølvsagt vore der ute før, og blant anna gjort slike ting som dette:


...men i går gjekk vi eit par steg lenger. Henta fram utemøblane, her illustrert ved lemuren som slangar seg på ungane sitt bord:


Og ikkje minst henta vi fram grillen! Eg kan ikkje hugse at vi har grilla så tidleg på året før, men med det veret vi har hatt dei siste to-tre dagane, låg alt til rette!


Det var litt kaldt etter at sola gjekk ned, men vi har då gode klede, heldigvis.

Som eit punktum på dagen, køyrde vi ned på Betel på basar. Der var andakt, bollar, saft og lodd - altså alt som trengs for å få skikkeleg basarstemning!


Lise var med og delte ut gevinstar. Sjølv om vi ikkje vann noko sjølv, var ho veldig fornøgd med å få vere med og gå!


Ingen kommentarer: