onsdag 5. mars 2014

Vårkjensla!

Trass i ein heller snøfattig og mild vinter, er det godt å tenkje på at våren no ligg framfor oss med alle sine spirande plantar og grøne skogar! Eit eksempel frå hagen i dag:


Vårkjensla kjem også når ein kan ha lunsjpiknik i hagen, utan å fryse bein og nase av seg:


Eller når ein kan hente fram gatekritta og teikne på asfalten. Her har Jens og Lise teikna kvar si utgåve av Signe:


Vårkjensla kjem ikkje minst når ein kjem heim frå jobb, og heile familien er ute (i kvar sine ærend). Signe skal sove...


... men det vart ikkje noko av, for ho låg berre og lo...

Jens og Lise er på konglejakt.


Og katten? Han luskar rundt, og prøvar å forsvare territoriet sitt så godt han kan.


Og samtidig få med seg det som elles skjer...


Ein spion på ferde...


Jens og Lise viser fram pinne- og steinsamlingane sine... Flotte skattar!


Og korleis det går med katten sitt forsvarsforsøk.. vel, du får døme sjølv...


Så gjekk vi inn i huset med dette skiltet ved døra. Nokon som lurar på kven som bur her?


Til slutt eit bilde av kanskje det vanlegaste synet i heimen vår for tida...


Når alt er ute, er det ikkje fullt så kjekt lenger (i alle fall ikkje viss vi andre går ut frå kjøkkenet.) Då er det berre å vente på at det skal bli rydda, slik at ein kan kaste seg over oppgåva endå ein gong. Det er sjeldan at teøskjene ligg i skuffa så lenge av gongen...

3 kommentarer:

Laura sa...

what a beautiful series of spring photos… here snow is blossoming in tiny stars falling from the sky.

Anonym sa...

What lovely shots.

retriever sa...

Wonderfull cat and landscape spring arriving. greeting from Belgium