mandag 28. april 2014

Uteturn og slikt

Med slik varme og sol som det er om dagen, er det heilt naturleg å flytte barnetrimmen utandørs. I ballbingen er det supert å leike blant anna "stiv heks":



... eller "raudt lys". Lise tok eit steg fram for kvar gong det var teljing, og kom seg på den måten sakte men sikkert framover utan å bli teken.


Også "fallskjermen" eigna seg utandørs.


Ved hjelp av samarbeid skal dei få ballen gjennom holet i midten av tøystykket. Det er ikkje alltid så enkelt å vite om ein skal heve eller senke, men det går som regel greit til slutt...


Etter turn køyrde vi Jens til fotballtrening på Moane.


Dei to laga frå Erfjord er snart klare for årets kampsesong!


På veg heim til kveldsmaten måtte vi sjølvsagt stoppe og vatne blomen på leikehytta. Her er det ingen som skal dø i sommarheten!


søndag 27. april 2014

Sommar i april!

Dette har vore ei fantastisk helg - sommarklede, sommarvarme, sommargrilling, sommarkne... Og så har vi kost oss med solskinsbollar. For kva passar vel betre til slike dagar?


Hagen byrjar å leggje av vinterhamen:


I ettermiddag åt vi kveldsmaten oppe på Klokkåsen, saman med Vassbøs.



Kan ikkje klage på utsikten...



Med grove vaflar og ganske mykje syltetøy i magane, var energien på topp på veg ned att...


Etter dette var energikurva stupande, i alle fall for våre tre. Signe begynte å glippe med auga allereie ved ordet "fare" i songen "Ingen er så trygg i fare", og sovna før andre verset var over...

Lise ville gjerne klippe håret (ho har snakka om det dei siste dagane, når vi grer håret og det gjer litt vondt...) Eigentleg vil ho ha like kort hår som Jens. Det ser nok mindre vondt ut... Vi andre er ikkje heilt sikre på at ho skal gå så drastisk til verks, og minner henne på at det trass alt er ein svært liten del av dagen som går med til greiing... Men klippe ville ho, så mamma og ho hadde ei økt ute på altanen, der dei let det falle nokre centimeter:


Det er ikkje så lett å sjå forskjell (...), men sjølv er ho veldig spent på kva folk kjem til å seie når dei ser at ho har klipt seg. (Som eit tips til dei av dykk som møter henne dei første dagane - det kan vere lurt å kommentere!)

Til slutt eit vårteikn frå hagen vår:


tirsdag 22. april 2014

Søndagstur på ein måndag

I går tok vi oss ein tur innover mot Hattavågen og opp til boka på "Erøy rundt". Her kjem ei lita bildeoppdatering frå endå ein fin vårdag!



Jens tok seg heilt ut oppover dei første bakkane, og måtte ha ein pust i bakken medan han venta på at vi andre skulle komme opp...:








Det er i alle fall ingen tvil om at våren er her! Og i dag gjekk eg med t-skjorte på jobb...

søndag 20. april 2014

Påskedag på Vardaheia

Opp med flagget (med det tomme korset) - Jesus er verkeleg oppstanden!


Påskedag er årets vakraste dag, uansett vér. Når då véret i tillegg er heilt supert, ligg alt til rette for ein super dag. I dag gjekk vi på Vardaheia. Der har vi aldri vore før, så vi gledde oss litt ekstra til å nå toppen og sjå på utsikten. Tidleg i bakken fann vi spirande liv, eller som det heiter i songen: Nytt liv av daude gror!


Mesteparten av vegen opp går langs ein gamal skogsveg. Ein fin "sti" gjennom skogen!


Det har vore ein god pause i turgåinga vår no, så det var deilig å endeleg komme seg ut att!


Fin utsikt! Her ser vi utover mot Ombo og Hjelmeland:


Så nådde vi toppen. Det var ein ganske kort tur, men akkurat passe lang for våre "vinterbein".



Flott utsikt! Her ser Jens og Lise ned på Erfjorden, og innover mot Kilane og Kilavågen.


Sikten utover mot dei ytre delane av Ryfylke:



Det er påskedag, men dessverre inga gudsteneste i kyrkja. Synd i grunn, for det er utruleg herleg å synge påskedagssongar saman, og dele gleda over oppstoda. Heldigvis er det ingenting i vegen for å ha ei lita "gudsteneste" saman ute i skogen!


Jens las teksten i Johannes 20, 1-18, om den tomme grava og læresveinane sitt første møte med den oppstadne Jesus. 




Og så sang vi påskesongar saman. "Opp opp opp, ja, Han stod opp opp opp!", "På Golgata stod det eit kors" og "Deg være ære" vart framført med stor innleving like under Vardaheia i dag! 


Tilbake til bilen.


Vi tok med oss ein pitteliten bukett heim:


Og ein liten rundtur i hagen med fotoapparatet kan dokumentere at livet gror også her:






Dagen vart avslutta med hyggeleg nabobesøk og taco på altanen!


God påske!

Rundtur

Denne påska har vi vore på ein skikkeleg rundtur på vestlandet. Ryfylke - Bømlo - Jølster - Sogn - Ryfylke. Det er nokre mil! Her er nokre glimt frå påskeferien vår:


På Bømlo.


Ei som utforskar stadig meir, tek seg stadig lettare rundt og er nysgjerrig på alt og alle! Og herming er det heilt store. Då Lise stod i vindauget og kikka ut frå ferja, skulle sjølvsagt ho også gjere akkurat det same...


På veg over Sognefjorden:


Ålhus i Jølster (og Vassenden langt der framme)


Spasertur ned til Jølstravatnet



Og så hagen i Balestrand:


I Holmen:


Vi gjekk nokre turar i Balestrand. Signe skulle sove, og véret var tåleleg det meste av tida. 


Skarv:


Gata heime. Her har eg spelt mine rundar brentball og hol i hatten...


Ungdomsskulen (i alle fall var det det den gongen eg gjekk her. Ikkje godt å seie kven som brukar desse klasseromma no)


Utsikt frå skulen:


Laurdag hadde vi eggjakt i stova...


...før vi igjen pakka i bilen og køyrde til ferja. Påskeferien nærma seg slutten. Balestrand i bakgrunnen.


Det neste bildet på fotoapparatet er frå Odda. Med den nye hardangerbrua er det ingen hindringar på vegen heim, når vi først har kome oss til Vangsnes. Så med sovande born i baksetet kunne vi køyre i eitt strekk frå Vangsnes til Odda, og turen tok om lag 2,5 timar.


I Odda hadde vi ein god pause i ein nærast sommarkledd tettstad. Dess lenger sør på reisa vi kom, dess grønare vart trea, og i dag, på sjølvaste påskedagen, vakna vi opp til knallblå himmel og ekte vårstemning. No skal vi feire oppstandelsesdagen! God påske!