lørdag 10. mai 2014

Fotballsesongen er i gong!

Torsdag ettermiddag var vi på Moane og såg på sesongens første kamp. Denne gongen var det Jelsa som kom på besøk, og Erfjord 1 gjorde ein heiderleg innsats i kampen. Det må også seiast heller ikkje publikum var så verst!


Trenaren fyljer godt med frå sidelinja, og gir tydelege og gode instruksar til spelarane:


Laget spelte så godt, at det var jamt over lite å gjere for målmennene...


... men det gjeld å følje med, for plutseleg kan det komme ein ball susande og blå spelarar i firsprang mot mål...


Kampen endte 2-2, og eg trur begge laga gjekk av bana med ei god kjensle. Jens scora det eine målet til Erfjord på straffespark, og han var i alle fall fornøgd med det! 


Ein annan sesong som også er starta ... så vidt ... er badesesongen! Badestafetten på facebook nådde til slutt herr Nøstbakken, så då var det å få med seg ein ivrig fotograf og gå i Habn for å teste ut årets badevatn. Det var såpass kaldt i lufta, at det gjorde ikkje store forskjellen å gå uti. Her er fotografen på veg heim att etter endt dokumentering:


Ingen kommentarer: