mandag 12. mai 2014

Ut i vår hage

Det spirar og gror. Naturen er i ferd med å ta på seg sommarkleda. Vinterkappa vik frå hjartet. Det er som ein kan puste litt friare. Kjenne seg litt lettare. Vere litt meir ... glad!
 




Samtidig som blomane blømer, graset gror og buskane vert stadig meir grøne, har det i hagen vår vakse fram eit nytt leikeapparat.


Det er bursdagsgåva til Lise og Signe. Det mangla ein viktig del då det kom, så aketårnet har stått aleine i hagen nokre veker no. Rett før helga kom dei siste delane, og også reilestativet kunne takast i bruk! O glede!


No manglar berre sand i sandkassa nedst i tårnet. Eg tippar Signe vil elske å leike der, kjenner eg ho rett...



Ein heilt annan ting. I dag tidleg kunne denne samtalen overhøyrast ved frukostbordet:

Jens: Pappa, er det sant at Northug er i fengsel?
P: Nei, men det kan hende at han må i fengsel om ei stund.
J: Koffor det?
P:  Han hadde drukke alkohol, og så køyrde han bil. Det er ikkje lov.
J: Koffor ikkje?
P: Alkohol gjer slik at du ikkje tenker heilt klart. Og det må ein jo gjere når ein skal køyre bil. Derfor kan det vere farleg, og så kan det skje slik som det skjedde med Northug, at ein krasjar. Eller ein kan køyre på nokon.
J: Må ein i fengsel når ein krasjar?
P: Det kjem an på. Viss ein har gjort noko ulovleg, som å drikke alkohol, kan det hende ein må det.
J: Er det øl i alkohol?
P: Nei, det er alkohol i øl!
J: Kva er øl då, eigentleg? Er det ein slags brus?
P: Det liknar litt på brus, men det er berre for vaksne, fordi det er alkohol i det. Og vaksne har ikkje lov til å drikke det viss dei skal køyre bil.
Lise: Nei, for då kan dei RAPE!

Slik kan det gå viss ein rapar i bilen...

Ingen kommentarer: