onsdag 25. juni 2014

2 x bytur

Vi har dei to siste dagane vore på besøk til to ulike byar! I går hadde vi ein aldri så liten tur til Haugesund. Blodbanken skulle ha sitt, og vi tok det som ei familieutflukt til Haraldsgata og Raglamyr. Mykje sommarstemning, og ein del naudsynte innkjøp i diverse butikkar.


Signe har for alvor testa ut paraplytrilla, og den kom godt ut av testen. Ein fornøgd nysgjerrigper kunne fylje med på det meste! 


I dag tok vi oss like godt ein bytur til, men denne gongen til Stavanger. Medan gårsdagens tur var mest til nytte, reiste vi i dag berre for å kose oss. Det einaste som ikkje var koseleg, var å måtte bruke vekkarklokka... i sommarferien... Vi ville ta båten frå Jelsa, og den går fem over åtte. Så sånn er det.


Når ein først er oppe, går det greit, og vi nådde båten med god margin!




Racervognkøyring på båtterminalen i Stavanger...:


Det var ikkje så veldig varmt akkurat då vi kom til byen. Dei  har det litt kjøligare enn her inne i fjorden... Etterkvart steig gradene, og heile vegen hadde vi sol, så det var riktig triveleg å spasere rundt i byen!



Det var nok med fuglar ved Breiavatnet. Måsane var litt store og innpåslitne, men Lise la sin elsk på duene!


Koseleg å slappe av i ein bypark!


Ein noko uheldig posisjon å vere i. Heldigvis gjekk det bra...:


Litt meir ufarlege vesen:



Etter ei god niste i parken, la vi ut på leiting etter det som var turen sitt "mål": Løvås bruktbu i Pedersgata. Dei har massevis av bøker og blad, og også donald-pocket (som det vert konsumert store mengder av i heimen for tida...)


Butikken er som ein snopebutikk... Lise fann seg raskt eit par bøker ho ville ha, og sette seg på fortauet for å lese medan vi andre leita etter skattar i butikken.


Etterpå traska vi over til Sølvberget og ein lunsj av det meir smakfulle slaget. Litt trøytte bein og trøytte hovud etter mykje spasering i byen, men humøret kom seg når maten kom på bordet...


Så var det båtturen heim att...


... til Ryfylke (Bildet er teke i nærleiken av Nedstrand, med utsikt innover mot Jelsa og inngangen til Erfjorden. Den vesle, flate øya nærast, om lag midt på bildet, er Foldøy)


Jens og Lise var veldig fascinert av dei store bølgene etter båten.


Lise vinkar farvel til båten:



No ligg dei små og søv, og hagen nyt godt av eit av innkjøpa på Raglamyr i går:


søndag 22. juni 2014

Camping i hagen

Sommaren fortset å leve rundt oss, og blomstrane blømer og humlene summar... Det begynner etterkvart å bli rimeleg tørt, så må nok til å vatne i litt større kvanta enn det vi har gjort til no. Men vi har klart å halde liv i blomstrane så langt...


Løvemunn og Kristi blodsdråpe.


Eit rosetre i bakhagen:



Vi får god hjelp i hagen:


Slik såg det ut på Erøy tidleg i dag, då eg var ute og trilla med Signe. Ikkje så verst ferievær!


Lise driv med klovneri i hagen, og Signe er svært takknemlig publikum. Når ein har ein flirande og gapskrattande eittåring i ryggen, kan ein halde ut "på scena" ganske så lenge...


Den ferske rosebuska lever fortsatt...


I natt har vi camparar i hagen!


Då eg gjekk inn, låg Lise og sov, medan Jens var djupt inne i teikneserieland.


Trur det kan bli ei lys og fin natt på årets første telttur!


lørdag 21. juni 2014

Ein rosepark (...) vert til

I ettermidag var vi ute og jobba litt i hagen. Medan Nina renska i kvist og kvast, og eg braut opp ei gammal rot som stod i vegen, traska Signe rundt med dokkevogna. Eigen assistent er med, slik at ho får snudd vogna når ho kjem til vegs ende...


Når assistenten blir lei, er det på tide å finne noko nytt å gjere. Så er spørsmålet korleis ein skal få tak i alt det kjekke...


Rota måtte gje etter for spade og sag, og der den stod, vart det planta ei rosebusk:


No kryssar vi fingrane for at ho skal få vekse i fred, og bli ei større og flott busk!






Ikkje så langt frå der rosebuska står, i mønet på garasjen vår, er dette vepsebolet godt vekkgøymt. Veps er flotte insekt med gode arkitektskills. Så til hausten, når vepsen er borte, kan vi ta det ned og studere byggverket!


Vi andre, som har eit ferdig hus å gå inn i, koste oss i dag med mexican train ved sidan av lunsjen. Lise og eg er på lag, og ligg ganske godt an etter dagens rundar!


Sommer kommer, sommer kommer...

Eg har begynt på sommarferien min, og livet er herleg, sånn heilt generelt! Den siste veka har vore noko hektisk, med sommaravslutningar og rydding og planlegging og karaktersetting og alt som fylgjer med det å avslutte eit skuleår. Tysdag var vi for eksempel på sommaravslutning på Erfjord skule. Som alltid ei kjekk samling! Eg vågar meg på å legge ut ein del bilder derifrå, sidan Suldal kommune allereie har lagt ut mange av dei på nettet.


Sommarfesten er ei avslutning både for skulen og musikkskulen. Det er kjekt å høyre kva dei unge har lært i løpet av året!


Også skulekoret song, og framførte potpurrien dei hadde øvd inn til 17.mai.


Grilling i naturskjønt landskap!


15 av haustens 17 nye førsteklassingar. Det er lenge sidan det har vore ein så stor klasse i Erfjord!


Og så tok dei farvel med 7. klasse. Vi gler oss til å få desse flotte ungdomane på Sand skule til hausten!


Onsdag hadde eg bursdag, og vi testa ut dominospelet eg fekk av Jens, Lise og Signe. Kjekt!


Torsdag kom dagen som 10. klasse sikkert vil hugse i lang lang tid framover. Det var tid for avslutningsfest på kulturhuset!


Det er ein fin gjeng! Du kan sjå fleire bilder frå avslutningsfesten her: Skuledagboka.


Både Tone og eg fekk kvart vårt flotte rosetre av elevane. Ei kjekk gåve å få, no som eg har hage å setje det i og alt! Så i dag skal eg ut og finne i god plassering...



Det er vakkert med roser!

Elles blømer det for fullt i hagen for tida. Her er ei lita bildeoppdatering frå vårt nære utemiljø:



Legg merke til dei som er på veg til dagens 30. eller 147. måltid...








Til slutt ein liten dialog frå frukostbordet for nokre dagar sidan:

Pappa: (to nys)
Lise: Oi! Det var høgt! Og eg høyrde at ekornet lagde den same lyden!
Pappa: Ekornet?
Lise: Ja? Det ekornet som alltid seier det same som oss!
Pappa: hm??
Lise: EKORNET!
Pappa: Å ja, meiner du ekkoet?
Lise: Ja!