lørdag 7. juni 2014

Grasenka og dei gode hjelparane (eller geitekillingane?)





 Ja - når papsen og den mellomste bukken bruse er bortevekke i helga, med bilen og det heile, må jo me tre andre gjere vårt best for å halde hjula (?) i gang her heime. Det med bukken er, som de ser, heilt reelt - denne velutstyrte geita henta me i bhg. i går ;)


 Middagen i går ordna Jens på tur med klassen - pannesteikt lyr er skikkeleg godt! Salaten bidrog han òg sterkt til, sjølv om auga hans var vel så mykje på tv-skjermen (der det var fotballkamp) som på skjerefjøla...;)



 I dag måtte me jo lufte oss litt, tenkte me, og la i veg med friskt mot med Klokkåsen i sikte. Litt vanskeleg i starten, sidan ikkje alle 'ekrene' er slegne enno, men me fann ei løysing til slutt, utan å trø langt gras flatt. Må forresten seie at på denne turen var det Jens som var fotograf :)


Ein treng jo ikkje ha begge skoa på føtene, absolutt?! Ein på foten, ein på handa. Heile vegen. Funkar supert til å dytte unna greiner og anna også, ifølge grundig empirisk forsking...



Etter heimtur og lunsj tok Jens turen til Sand og Ryfylkedagar - stas! Han fekk med seg 20 kroner i smått og ein tohundrelapp (mindre setlar hadde ikkje hu mor heime). Han lurte på om det var sånn at han skulle gi tilbake det han ikkje hadde brukt etterpå? Njeeei, sa mor - eller kanskje du kan spare resten, saman med dei andre sparepengane dine? Mor lurte jo på kva smart han hadde skaffa seg på marknad - men smartingen kom heim med tohundrelappen, og hadde brukt tjuaren på laurdagsgodt ;) Kjekt hadde det vore, lell :)

Då gjenstår det vel å nemne kjekt hage- og altanbesøk av store og små vener, så føler eg at eg har gjort mi bloggeplikt i bloggesjefens fråver, eller hur?

-N

Ingen kommentarer: