tirsdag 10. juni 2014

Strandliv

Klokka 13 var det 24 grader i skuggen. Valet stod mellom fjelltur og å gå i Habn, og etter litt rådslagning landa vi på stranda. Dei fleste var fornøgde med det...


Endeleg fekk Lise prøvd baderingen ho fekk til bursdagen sin:


Også Signe var uti og bada. Først gjekk ho att og fram på grunna, og etterkvart sette ho seg ned og kjente på vatnet og sanden. Det er spennande å vere på sin første badetur - ever - på ei strand!


Også andre sider ved strandlivet vart testa ut...



Vi var langt frå aleine på stranda denne dagen. Blant anna var det ein del ungdommar der, og hoppa frå stupebretta. Eg må dele dette blinkskuddet:


Ikkje fullt så blinkskudd, men likevel ei viss formidling av ei stemning...:


Lise har dekt seg i handkle, Signe vil rive det av... Og sånn går dagane. I alle fall sommardagane. I Habn.


Ingen kommentarer: