søndag 31. august 2014

Lystennaren

Det var ei som var ekstra spent i heimen vår i dag tidleg. Vi skulle nemleg på storsamling på bedehuset, og ho hadde fått i oppgåve å tenne lys under forbønnsdelen. Sidan fyrstikker og slikt er litt vanskeleg, hadde ho med seg peistennaren. Mamma ordna håret, og ho var veldig redd for at det skulle bli ruska til før møtet. Så det var med alvorleg mine, og peistennar i hand, at ho entra bedehuset...


Bedehuset var fint pynta med noko av det hausten har å tilby:



Vi kom litt tidleg, slik at eg kunne ordne det som skulle gjerast klar på datamaskina. Lise fann ein plass og sitje, og passa andektig på peistennaren. Det var heilt klart eit tungt ansvar å bere!


Lystenninga gjekk fint. Alle lysa vart tente, og det var ei noko lettare jente som sette seg att...

Talar for dagen var Mia Holta, og ho hadde som overskrift: "Er du glad i meg?" Fokus var retta på korleis vi som vaksne kan gje barna ein trygg og kjærleg ballast i livet; Korleis vi kan formidle vår kjærleik til barna på ein måte som dei forstår. Dei fem kjærleiksspråka var utgangspunktet, med hovudvekt på tid og anerkjennande ord. Som ei innleiing skulle alle fedre i salen hente ein hjarte-gelé til dei i familien sin, og dele den ut til kvar enkelt fulgt av orda: "Eg er glad i deg!" Ei god påminning, i dobbelt forstand...


Det var alt i alt ei fin samling, og hyggeleg å sitje att etterpå og prate over middagen. Kjekt med fellesskap!


Ettermiddagen var lys og fin, og det var deilig å kunne vere ute i hagen alle saman. Det veks og gror endå, og fortsatt er det frukt på trea. Så då plukka vi inn ein del epler og laga eplekake! God kveldsmat, det...

Vi henta også inn litt plommer, og då kom eg over denne sommarfuglen. Han var noko ustadig i rørslene, men til slutt sette han seg ned så eg fekk knipsa eit par bilete:


lørdag 30. august 2014

Suldalscup!

Med heller tvilsam værmelding, og nærare ein time å køyre, må eg vere ærleg og seie at eg ikkje var veldig optimistisk med tanke på dagen. Likevel, alle bange aningar vart gjort til skamme, og det vart ein flott dag med mykje fotball på Nesflaten!


Jens og laget hans spelte til saman fire kampar, den første kvart over ti, den siste klokka tre. 


Alle kampane til laga frå 2. og 3. klasse vart spelte på ei eiga bane, og dei møtte mange av dei laga dei har spelt mot i serien i vår og haust. Første kampen, mot eit sandslag, stod Jens i mål. Her reddar han eit skot:


Etter kvar kamp må ein sjølvsagt takke for kampen på skikkeleg vis!



Det er klart at det vert litt ventetid på ein slik dag. Mellom første og andre kamp gjekk det to timar, det same mellom tredje og fjerde. Denne tida brukte vi på å sjå på andre lag, ete mat, snakke med kjende, handle laurdagssnop, lese og fotografere. Eg har ikkje vore så mykje på Nesflaten før, så eg såg meg litt om i nærområdet. Nokre bilder frå området rundt fotballbanene (Kilen):


Delar av kraftverket, med traktoregg i framgrunnen.


Endå kan ein finne flotte blømande blomster! På veg til bilen såg eg dette epletreet i ein hage. Eg tenkte: "Det var mange epler og lite blad!" og så tok eg bildet.


Rett etter gjekk eg forbi dette epletreet, og tenkte: "Det var i alle fall veldig mange epler!" og så tok eg bildet. True story! (Ja, viss ikkje dette er spennande blogging, så veit ikkje eg...)


Med lag frå heile kommunen er det naturleg at det også vert mange bilar...:


Så er vi komne til siste kamp:



Det er kjekt å sjå på dei andre laga som spelar. Og også den vaksne delen av publikum er ivrige...


Til slutt kan dei to erfjordlaga hente pokalen.


Fin premie! Og dagen var eit verdig punktum på ein god fotballsesong.


Og medan vi levde livet på Nesflaten, var det ei som endeleg fekk gjere det ho har gleda seg til i fleire veker no (og snakka ganske mykje om): Pynte seg og gå i selskapet til Victoria! Og skal vi døme etter gliset som møtte oss i døra då vi kom heim, var det eit hyggeleg selskap!


fredag 29. august 2014

Sporty midtveke

Springekarusell og fotballkamp. Mange små bein med futt i. Sveittedråpar og glade smil!


Oppvarming før springekarusellen onsdag.


Nærare tretti deltakarar i klassen for dei under skulealder:


Litt færre i 2. - 3. klasse, men innsatsen er på topp:


Denne karen sprang mange ekstra rundar, og var raud, men fortsatt glad, då sykkelløpet skulle starte...


Klare som egg...:


Og når både løp og sykkelløp er vel gjennomført, er det tid for is i kiosken.


Startskotet går, og det gjeld å få fart på sykkelen raskt:


Ivrig tilskodar i målområdet:


I går kveld køyrde vi til Suldal for å spele kamp.


Her klarte eg å fange eit av dei første måla, rett før ballen går i nettet. Denne jenta hadde verkeleg målteft!


Det er alltid spennande å følgje med på dei små spelarane og kva dei klarer å få til. Blant anna hadde Jens eit innkast som rett og slett gjekk i mål! Det var ikkje Erfjord som fekk flest mål i kampen, men det verka ikkje som det la noko dempar på stemninga i bilen heim att. Eg køyrde dei fire gutane på laget, som høyrde på Knutsen & Ludvigsen medan dei bladde ivrig i og studerte kartboka... Og medan vi venta på at alle skulle bli henta på Vik, begynte dei like så godt å leike "boksen går"...


søndag 24. august 2014

Veke 34, ein slags revy

 Slik kan det gå... Blogging har ikkje vore øvst på prioriteringslista den siste veka, så no ligg harddisken full av gode minner som gjerne vil bli delte. Det merkast på tida at skuleåret har starta igjen. Plutseleg kan ein ikkje gjere nett det ein vil heile tida lenger... Då er det deilig med helgene! Førre helg brukte vi litt av tida på ein tur opp til Kleppsvatnet.


Borna koste seg!


Det obligatoriske utsiktbildet over Erfjorden...


Vi hadde med blåbærplukkarar, men fann ikkje noko særleg med bær. Sannsynlegvis var vi litt for seint ute, i tillegg til at det visstnok skal ha vore lite av sorten i år.


Heime venta katten, som vert like glad kvar gong vi dukkar opp. Herleg!


Lise hadde besøk av Tiril, og saman fargela dei store deler av hellene...


Sjølvsagt med god hjelp frå Signe...


Og medan dei små kan kose seg med slikt, er det andre som fargelegg søyler i matematikkboka. Til no har det kome mest vellyd om det å gå i 3. klasse!


Den siste heimekampen denne sesongen vart spelt på Moane torsdag. Her møtte dei eit suldalslag med i alle fall ein overlegent god spelar... Dermed tapte dei kampen, men beit likevel godt frå seg! Dette bildet er det Lise som har teke:


Innkast!


Lise og Victoria har ikkje problem med å få tida til å gå, i alle fall...


Kampen endte til slutt 6-3...


... og laga takka på sedvanleg vis for kampen:


Slik såg det ut i Erfjord fredag morgon:


Fredag kveld. Helg. Og besøk av Gunnstein og Kjellaug. Høg spelefaktor, og koseleg selskap!


Druene vert eit lite hakk betre for kvar dag som går. Fortsatt litt sure, men godt etande!


Og sandkassejenta fornektar seg ikkje. Her kan ho sitje leeeenge!


Så er vi komne til dagens dato. Lise og eg tenkte vi skulle vere med på ein organisert sykkeltur til Storevassdammen. Det var fleire ting som gjekk litt "gale" i forsøket, blant anna at vi kom oss litt seint ut dørene, og at vi (altså eg) ikkje var heilt sikre på kor oppmøteplassen var... Dermed vart det sykkeltur i tosemd, men det gjorde ingenting!


Vi parkerte rett ved den store demningen med det same vi kjem opp til Blåsjø, og nytte utsikta både nedover dalen og utover vatnet:


Så tok vi syklane fatt, og sykla oss eit stykke innover vegen. Der åt vi lunsj, før vi snudde og sykla tilbake... Ikkje så lang tur, men du verda alt ein kan få fabulert og snakka om langs vegen! Lise har fantasien i orden, og her viser ho at heller ikkje beina er så verst. Heile vegen opp bakken utan å stoppe!


På toppen tok vi oss ein pause og kikka litt rundt. Der oppdaga vi fleire flotte ting. For eksempel dette skiltet som viser oss kor skatten er gravd ned!


Først når vi kom heim og såg på bildet la vi merke til båten som passerer på vatnet under oss...

Lise fekk auge på eit lite dyr som kikka på oss over kanten. Ho trudde først det var ei mus, men etter det eg kan forstå må det vere snakk om ein røyskatt (og dermed, frå då av, omtalt som "katten" av Lise...)


Han hoppa til og gøymde seg for kvar vesle rørsle frå vår side, og smatt til slutt inn i røyret og forsvann.

På dette bildet ser du fleire av dei kjekke tinga vi observerte på pausen vår. Eit helikopter, og mot venstre på bildet, med kvitt tak, er det vi kom fram til måtte vere hytta til Blåsjøtrollet.


Så rann vi ned bakken mot Oddatjønndammen, der bilen stod parkert.



Lise tek eit siste overblikk over vatnet frå toppen av steinbordet til Blåsjøtrollet... Og på veg heim kunne vi beundre synet av den svære demningen frå nedsida:


Heime har den minste kunstnaren vår gitt uttrykk for sin kreativitet på stovegolvet...


Takk til tante Anne Margrethe for lett vaskbare tusjar!

Til slutt i dette litt for lange blogginnlegget: Glimt av frukthausten frå hagen:


Herleg å kunne plukke sin eigen mat i sin eigen hage!


Siste bilde er frå Lise, av ein drueklase frå hagen: