onsdag 13. august 2014

Bursdag i retrospekt

Kvardagen er i ferd med å hente familien Nøstbakken inn att. Lise begynte i barnehagen i førre veke. Eg starta på jobb måndag, og i morgon er det skulestart for Jens. Så no er det tilbake til normalen, etter ein fantastisk varm og fin sommar. Det er mange gode minner å sjå tilbake på, og her er dei siste "sprella" i sommarferien...:


Førre torsdag hadde Jens bursdag, og to spente veslesøstre trippa inn med gåver tidleg om morgonen. Seinare på dagen tok Jens ein ringerunde til besteforeldrene, i fasttelefonen som endeleg er oppe og går igjen.


Om ettermiddagen vart det feiring, med muffins, bollar, is, brus og sjokolade, og Irene og Gry feira den store hendinga saman med oss!


Eit par dagar seinare var det tid for barneselskap.


Høg spinnefaktor i flasketut-pakkeleiken!


Himmelen var grå, men regnet let vente på seg. Dermed var det gode sjansar til mykje uteleik. Gjengen har ikkje vore samla sidan før sommaren, så det var nok kjekt å få leike saman igjen!



Det vart nokre godbitar i dette selskapet også...


Så var det søndag, min siste fridag i denne omgong. Bibelgruppa var samla til grillselskap i Sandvik, så både små og store brukte dagen saman med gode vener!


Etterkvart som maten vart klar, dukka det også opp ein del uinviterte gjestar. Eg veit ikkje kor mange veps som vart teke i smekka denne ettermiddagen, men vi snakkar i hundrarar. Her får Peder inn ein fulltreffar:


Det er artig å sjå korleis gåinga til Signe har utvikla seg den siste månaden. No travar ho rundt på plenen for eiga maskin, og opplever seg nok mykje meir mobil og med enn før. Tenk så herleg å kunne bestemme sjølv kor ein skal gå og stå!


I morgon er første skuledag. Jens skal starte i 3. klasse, og eg skal starte opp med ny 8. klasse. Vi er spente begge to. Håpar vi får sove i natt!

Ingen kommentarer: