søndag 31. august 2014

Lystennaren

Det var ei som var ekstra spent i heimen vår i dag tidleg. Vi skulle nemleg på storsamling på bedehuset, og ho hadde fått i oppgåve å tenne lys under forbønnsdelen. Sidan fyrstikker og slikt er litt vanskeleg, hadde ho med seg peistennaren. Mamma ordna håret, og ho var veldig redd for at det skulle bli ruska til før møtet. Så det var med alvorleg mine, og peistennar i hand, at ho entra bedehuset...


Bedehuset var fint pynta med noko av det hausten har å tilby:



Vi kom litt tidleg, slik at eg kunne ordne det som skulle gjerast klar på datamaskina. Lise fann ein plass og sitje, og passa andektig på peistennaren. Det var heilt klart eit tungt ansvar å bere!


Lystenninga gjekk fint. Alle lysa vart tente, og det var ei noko lettare jente som sette seg att...

Talar for dagen var Mia Holta, og ho hadde som overskrift: "Er du glad i meg?" Fokus var retta på korleis vi som vaksne kan gje barna ein trygg og kjærleg ballast i livet; Korleis vi kan formidle vår kjærleik til barna på ein måte som dei forstår. Dei fem kjærleiksspråka var utgangspunktet, med hovudvekt på tid og anerkjennande ord. Som ei innleiing skulle alle fedre i salen hente ein hjarte-gelé til dei i familien sin, og dele den ut til kvar enkelt fulgt av orda: "Eg er glad i deg!" Ei god påminning, i dobbelt forstand...


Det var alt i alt ei fin samling, og hyggeleg å sitje att etterpå og prate over middagen. Kjekt med fellesskap!


Ettermiddagen var lys og fin, og det var deilig å kunne vere ute i hagen alle saman. Det veks og gror endå, og fortsatt er det frukt på trea. Så då plukka vi inn ein del epler og laga eplekake! God kveldsmat, det...

Vi henta også inn litt plommer, og då kom eg over denne sommarfuglen. Han var noko ustadig i rørslene, men til slutt sette han seg ned så eg fekk knipsa eit par bilete:


Ingen kommentarer: