onsdag 6. august 2014

Rv 13 til slekta

Førre veke hadde vi denne sommaren si siste utflukt, og vegen gjekk nordover, gjennom Hardanger til Sogn. Balestrand var første mål med turen. Her har vi ein liten pause langs Sørfjorden:


Lise strekte på beina, og pappa kjøpte moreller. Dermed var vi klar for endå fleire timar i bilen...


Gatelangs på Voss: 


Sognefjorden i sikte! 



Så var vi endeleg framme. Vi hadde med Jens og Lise sine syklar, så dei kunne rulle av gårde nedover Lærargata, mot Holmen!


"Oi, eit slott!" (sitat Lise...) Ja, den engelske kyrkja er fin den!


Jens hadde med seg fotballen. Eit fabelaktig leiketøy!



Farfar:



Det var fine dagar i Balestrand, og det kom ikkje meir regn enn at det vart mykje både ute- og inneliv. Det vart til og med bursdagsfeiring! Torsdagen feira vi farmor, som hadde bursdag dagen etterpå. Vi var ute og plukka bjørnebær til å pynte kaka med!


Så reiste vi vidare til familien i Jølster. Det er naturleg å ta ein liten shoppestopp i Førde:



Sjakk-OL begynte medan vi var der, og det sette sitt preg på dagane...


Sykkeltur rundt heile dalen på Ålhus:


Onkel Arild. Lise sin ubestridte helt...


Det er forskjell på folk tidleg om morgonen, når det gjeld futt og slikt...


Måndag reiste vi heim att, via Gaularfjellet:


Over Sognefjorden:


Eit siste blikk, i denne omgong, over til Balestrand :


Pause i Odda:


No er vi vel heime, og i morgon er det stor dag for Jens!

Ingen kommentarer: