lørdag 30. august 2014

Suldalscup!

Med heller tvilsam værmelding, og nærare ein time å køyre, må eg vere ærleg og seie at eg ikkje var veldig optimistisk med tanke på dagen. Likevel, alle bange aningar vart gjort til skamme, og det vart ein flott dag med mykje fotball på Nesflaten!


Jens og laget hans spelte til saman fire kampar, den første kvart over ti, den siste klokka tre. 


Alle kampane til laga frå 2. og 3. klasse vart spelte på ei eiga bane, og dei møtte mange av dei laga dei har spelt mot i serien i vår og haust. Første kampen, mot eit sandslag, stod Jens i mål. Her reddar han eit skot:


Etter kvar kamp må ein sjølvsagt takke for kampen på skikkeleg vis!



Det er klart at det vert litt ventetid på ein slik dag. Mellom første og andre kamp gjekk det to timar, det same mellom tredje og fjerde. Denne tida brukte vi på å sjå på andre lag, ete mat, snakke med kjende, handle laurdagssnop, lese og fotografere. Eg har ikkje vore så mykje på Nesflaten før, så eg såg meg litt om i nærområdet. Nokre bilder frå området rundt fotballbanene (Kilen):


Delar av kraftverket, med traktoregg i framgrunnen.


Endå kan ein finne flotte blømande blomster! På veg til bilen såg eg dette epletreet i ein hage. Eg tenkte: "Det var mange epler og lite blad!" og så tok eg bildet.


Rett etter gjekk eg forbi dette epletreet, og tenkte: "Det var i alle fall veldig mange epler!" og så tok eg bildet. True story! (Ja, viss ikkje dette er spennande blogging, så veit ikkje eg...)


Med lag frå heile kommunen er det naturleg at det også vert mange bilar...:


Så er vi komne til siste kamp:



Det er kjekt å sjå på dei andre laga som spelar. Og også den vaksne delen av publikum er ivrige...


Til slutt kan dei to erfjordlaga hente pokalen.


Fin premie! Og dagen var eit verdig punktum på ein god fotballsesong.


Og medan vi levde livet på Nesflaten, var det ei som endeleg fekk gjere det ho har gleda seg til i fleire veker no (og snakka ganske mykje om): Pynte seg og gå i selskapet til Victoria! Og skal vi døme etter gliset som møtte oss i døra då vi kom heim, var det eit hyggeleg selskap!


Ingen kommentarer: