søndag 24. august 2014

Veke 34, ein slags revy

 Slik kan det gå... Blogging har ikkje vore øvst på prioriteringslista den siste veka, så no ligg harddisken full av gode minner som gjerne vil bli delte. Det merkast på tida at skuleåret har starta igjen. Plutseleg kan ein ikkje gjere nett det ein vil heile tida lenger... Då er det deilig med helgene! Førre helg brukte vi litt av tida på ein tur opp til Kleppsvatnet.


Borna koste seg!


Det obligatoriske utsiktbildet over Erfjorden...


Vi hadde med blåbærplukkarar, men fann ikkje noko særleg med bær. Sannsynlegvis var vi litt for seint ute, i tillegg til at det visstnok skal ha vore lite av sorten i år.


Heime venta katten, som vert like glad kvar gong vi dukkar opp. Herleg!


Lise hadde besøk av Tiril, og saman fargela dei store deler av hellene...


Sjølvsagt med god hjelp frå Signe...


Og medan dei små kan kose seg med slikt, er det andre som fargelegg søyler i matematikkboka. Til no har det kome mest vellyd om det å gå i 3. klasse!


Den siste heimekampen denne sesongen vart spelt på Moane torsdag. Her møtte dei eit suldalslag med i alle fall ein overlegent god spelar... Dermed tapte dei kampen, men beit likevel godt frå seg! Dette bildet er det Lise som har teke:


Innkast!


Lise og Victoria har ikkje problem med å få tida til å gå, i alle fall...


Kampen endte til slutt 6-3...


... og laga takka på sedvanleg vis for kampen:


Slik såg det ut i Erfjord fredag morgon:


Fredag kveld. Helg. Og besøk av Gunnstein og Kjellaug. Høg spelefaktor, og koseleg selskap!


Druene vert eit lite hakk betre for kvar dag som går. Fortsatt litt sure, men godt etande!


Og sandkassejenta fornektar seg ikkje. Her kan ho sitje leeeenge!


Så er vi komne til dagens dato. Lise og eg tenkte vi skulle vere med på ein organisert sykkeltur til Storevassdammen. Det var fleire ting som gjekk litt "gale" i forsøket, blant anna at vi kom oss litt seint ut dørene, og at vi (altså eg) ikkje var heilt sikre på kor oppmøteplassen var... Dermed vart det sykkeltur i tosemd, men det gjorde ingenting!


Vi parkerte rett ved den store demningen med det same vi kjem opp til Blåsjø, og nytte utsikta både nedover dalen og utover vatnet:


Så tok vi syklane fatt, og sykla oss eit stykke innover vegen. Der åt vi lunsj, før vi snudde og sykla tilbake... Ikkje så lang tur, men du verda alt ein kan få fabulert og snakka om langs vegen! Lise har fantasien i orden, og her viser ho at heller ikkje beina er så verst. Heile vegen opp bakken utan å stoppe!


På toppen tok vi oss ein pause og kikka litt rundt. Der oppdaga vi fleire flotte ting. For eksempel dette skiltet som viser oss kor skatten er gravd ned!


Først når vi kom heim og såg på bildet la vi merke til båten som passerer på vatnet under oss...

Lise fekk auge på eit lite dyr som kikka på oss over kanten. Ho trudde først det var ei mus, men etter det eg kan forstå må det vere snakk om ein røyskatt (og dermed, frå då av, omtalt som "katten" av Lise...)


Han hoppa til og gøymde seg for kvar vesle rørsle frå vår side, og smatt til slutt inn i røyret og forsvann.

På dette bildet ser du fleire av dei kjekke tinga vi observerte på pausen vår. Eit helikopter, og mot venstre på bildet, med kvitt tak, er det vi kom fram til måtte vere hytta til Blåsjøtrollet.


Så rann vi ned bakken mot Oddatjønndammen, der bilen stod parkert.



Lise tek eit siste overblikk over vatnet frå toppen av steinbordet til Blåsjøtrollet... Og på veg heim kunne vi beundre synet av den svære demningen frå nedsida:


Heime har den minste kunstnaren vår gitt uttrykk for sin kreativitet på stovegolvet...


Takk til tante Anne Margrethe for lett vaskbare tusjar!

Til slutt i dette litt for lange blogginnlegget: Glimt av frukthausten frå hagen:


Herleg å kunne plukke sin eigen mat i sin eigen hage!


Siste bilde er frå Lise, av ein drueklase frå hagen:


Ingen kommentarer: